Lipsí (gresk Λειψοί), òg kalla Leipsoi, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet.

Lipsí
Lokalt namn Λειψοί
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°18′N 26°45′E / 37.300°N 26.750°E / 37.300; 26.750
Øygruppe Dodekanesane

Areal 17,35 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Lipsí (790 innb.)

Demografi
Folketal 790 (2011[1])
Folketettleik 45,5 /km²

Lipsí er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Lipsí 790 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Av naboøyar finn ein Sámos og Arkí i nord, Pátmos i vest og Léros i sør.

Byar og tettstader endre

Den einaste tettstaden i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Lipsí 790

Småøyar i kommunen:

  • Frángos (0)

Referansar endre


  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.