Lishui i Zhejiang

Lishui (kinesisk: 丽水市, pinyin: Líshuǐ Shì) er eit byprefektur sør i provinsen Zhejiang i Kina, med grense i sørvest mot provinsen Fujian. Prefekturet har eit areal på 17 298 km², folketalet er sist berekna til 2,51 millionar. Om lag 1 423 600 menneske budde i sjølve byen.

Lishui (gul) i Zhejiang

Byprefekturet Lishui omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì), seks fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

Næring endre

69% av Lishui er dekt med skog, og tømmerdrift er ei hovudnæring. Vasskraft-produksjon og gruvedrift er dei andre hovudnæringane i prefekturet.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 330 går gjennom området. Vegen fører nordvestover frå Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.

Kjelder endre