Lista fyrstasjon

fyrtårn i Farsund kommune i Agder

Lista fyrstasjon er eit fyr som ligg på Ytre Listalandet i Farsund kommune i Agder. Fyret bestod tidlegare av tre fyrtårn, men i dag står berre eitt att. Det første fyret vart tent i 1836.

Lista fyrstasjon

Lista fyr i solnedgang.
Foto: Rolf Steinar Bergli
FylkeAgder
KommuneFarsund
FunksjonKystfyr
Oppretta1836
Koordinatar58°06.5569′N 6°34.0153′E / 58.1092817°N 6.5669217°E / 58.1092817; 6.5669217
Fyrtårn
Høgd34,0
FormFyrbygning med tårn
ByggjematerialeHogd granitt
Fyrlys
LyskarakterLysglimt vart 4. sek.
Lyshøgd39,5 moh.
Status
EigarStaten
Automatisert2003
Avfolka2003
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Lista fyrstasjon
58°06′33″N 6°34′02″E / 58.109302°N 6.567271°E / 58.109302; 6.567271
Lista fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Lista fyrstasjon

Fyrtårnet er bygd i hogd granitt og er frå 1833 og er 34 meter høgt. Det hurtigblinkande linseapparatet er framleis i drift. Frå 1853 til 1874 stod det tre fyrtårn av denne typen på stasjonen. Dette var fordi det var nødvendig for å skilje Lista frå andre fyr. Stasjonen omfattar maskinhus, bustader med tilhøyrande uthusfunksjonar, uthus, tuft etter smie, veg til landing, samt naust. Fyrstasjonen har ein vêrstasjon og kystmeldingsteneste i tillegg til fyrdrifta. Området er avsett til landbruks-, natur-, og friluftsformål i kommuneplanen for Farsund.

Fyrstasjonen er et karakteristisk landemerke i det flate, særeigne og rike kulturlandskapet på Lista. Fyrtårnet er det einaste høge steintårnet i regionen og sjeldan i norsk fyrhistorisk samanheng. Fyrmeisterbustaden med uthus er av dei få bygningane ved fyrstasjonane her i landet frå byrjinga av 1800-talet, og har derfor høg aldersverdi. Linseapparatet har fyrteknisk verdi.

Lista fyrstasjon har miljøskapande verdi slik det ligg samla og avgrensa av steingjerde i det opne landskapet. Fyrstasjonen er viktig langs Listakysten, som er den største skipskyrkjegarden i landet. Eitt av dei tre tårna vart flytta og gjenreist som Halten fyr i Sør-Trøndelag.

Klima endre

Vêrstasjonen på Lista fyr har vore i drift sidan juli 1919 og har synopnummer 1427. Stasjonen ligg 14 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,0 0,5 2,2 4,9 9,2 12,4 13,9 14,6 12,2 9,4 5,5 2,7 7,4
Nedbør (mm) 94 61 74 58 72 67 78 107 134 151 150 101 1147

Sjå òg endre

Kjelder endre

Andre kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre