Listafjorden er ein fjord på grensa mellom kommunane Farsund og Flekkefjord. Fjorden ligg på vest og nordvestsida av Lista og vest for Lista fyr. Frå Lista fyr strekkjer han seg om lag 10 km nordaustover til sørsida av øyane Hidra og Andabeløyna der Fedafjorden held fram nordaustover mot Kvinesdal.

Listafjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund, Flekkefjord
Kart
Listafjorden
58°10′00″N 6°36′00″E / 58.16666667°N 6.6°E / 58.16666667; 6.6

Fedafjorden og Listafjorden er ein del av det same fjordsystemet og den totale lengda deira vert då om lag 26 km.

Listafjorden har to sidefjordar som har innløpa sine ved overgangen mellom Listafjorden og Fedafjorden. Desse er Strandsfjorden, som går nordover mellom Hidra og Andabaleøya, og Eidsfjorden, som strekkjer seg austover på nordsida av Lista.