Eit litani (frå gresk litaneia 'bøn om hjelp') er ei kyrkjebøn som blir vert sungen eller lesen skiftevis slik at ein eller to leier bøna, medan kyrkjelyden fell inn i eit fast omkved.

Litaniet spelar ei viktig rolle i gudstenester i den ortodokse kyrkja. Også i Den katolske kyrkja vert det bruka forskjellige litani. I lutherske kyrkjer har litaniet ein mindre framtredane plass. I Den norske kyrkja vert ei avkorta utgåve av det katolske allehelgenslitaniet bruka som kyrkjebøn i fastetida og på bots- og bededag. Dette litaniet står i Norsk salmebok på nr. 951. På dei følgjande nummera har salmeboka andre litani som kan brukast ved visse høve.

Kjelder: endre