Little Wing
Song av The Jimi Hendrix Experience
frå albumet Axis: Bold as Love
Språk engelsk
Utgjeve 1. desember 1967 (UK)
15. januar 1968 (US)
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock
Lengd 2:24
Selskap MCA (reissues)
Komponist Jimi Hendrix
Tekstforfattar Jimi Hendrix
Låtskrivar(ar) Jimi Hendrix
Produsent Chas Chandler

«Little Wing» er ein song skriven av Jimi Hendrix. Han vart først spelt inn av The Jimi Hendrix Experience på albumet Axis: Bold as Love i 1967. Han er rangert på 366. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Inspirasjon endre

Hendrix snakka med ein svensk journalist om songen i januar 1968 og sa, «Vel, det var ein song der som me gjorde mykje lyd på. Me køyrde gitaren gjennom Leslie-høgtalaren på eit orgel, og det høyrest ut som jelly bread. Det er basert på ein veldig, veldig enkel indiansk stil, veldig enkel. Eg fekk ideen då eg var i Monterey, og eg berre såg på alt kring meg. Så eg fann ut at eg skulle ta alt rundt meg og kanskje uttrykke det som ei jente kanskje, noko slik som det, og kalle han 'Little Wing', med andre ord, berre fly avstad. Alt flyr verkeleg og dei er verkeleg i godt humør, som politiet og alle var verkeleg bra der ute. Så eg berre tok alt dette og putta dei inn i ei særs lita fyrstikkeske, inn i ei jente og så gjorde det. Det var veldig enkelt. Det er ein av få eg verkeleg likar.»[1][2]

Stil endre

Forfattar Harry Shapiro har utforska songen og sagt at musikalsk er han «strukturert til å legge eit florlett tøtsj over heile songen frå den fengslande opninga og det stemningsskapande klokkespelet til bruken av Leslie-høgtalarane for gitaren. Lydskjermen roterer, og skapar ein Doppler-effekt i lyden. Jimi spelar songen nesten som ein pianist med tommelen på bassnotane som venstrehanda til ein pianist, medan fingrane på gitarbanda samsvarar med den høgre. Songen tonar ut i ein magisk solo etter berre litt over to minuttar.»[2]

Andre versjonar endre

«Little Wing» er spelt inn av mange andre artistar:

Kjelder endre

  1. Jimi Hendrix, Tony Brown (1994). Jimi Hendrix "talking". Omnibus Press. 
  2. 2,0 2,1 Harry Shapiro, Caesar Glebbeek (1990). Jimi Hendrix, elektrisk gypsy. New York, NY: St. Marin’s Press. 
  3. http://www.amazon.com/gp/product/B00000K4IY/ref=cm_rdp_product_img