Live at the Fillmore East av Neil Young

Live at the Fillmore 1970
Konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse
Utgjeve 14. november 2006
Innspelt Mars 1970
Sjanger Garasjerock, hardrock, folkrock
Lengd 43:15
Selskap Reprise
Produsent Paul Rothchild
Neil Young og Crazy Horse-kronologi 
Living with War
(2006)
Live at the Fillmore 1970 Living with War: In the Beginning
(2006)
Archives Performace Series-kronologi
PS01:
Live at the Riverboat 1969
(2009)
Live at the Fillmore 1970 PS02.5:
Live at the Cellar Door
(2013)


Live at the Fillmore East er eit konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse med gitaristen Danny Whitten. I februar og mars 1970 drog Young og Crazy Horse på turné for å marknadsføre Everybody Knows This Is Nowhere. Live at the Fillmore East kom ut i 2006 og består av opptak frå denne turneen. Turneen var den siste Neil Young og Crazy Horse gjorde i lag med Whitten.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Okayplayer3.5/5 stars[2]
Rolling Stone4/5 stars[3]
Pitchfork Media(8.2/10)[4]

Young spelte fire konsertar i Fillmore East den 6. og 7. mars. Kvar konsert bestod av eit akustisk solosett og eit sett med Crazy Horse. Denne utgjevinga inneheld alle songane frå det elektriske settet utanom «Cinnamon Girl». Albumet kom ut på både CD og DVD. DVD-en inneheld bilete frå konserten, bilete av originale handskrivne tekstr og meldingar frå tida, i tillegg til ein betre lydkvalitet (24bit/96 kHz PCM audio) enn CD-utgåva.

Albumet er den første konsertutgjevinga med Danny Whitten, som døydde i 1972. Med på konsertane var òg Jack Nitzsche som offisielt medlem av bandet.[5] Eit opptak av Whitten sin «Come On Baby Let's Go Downtown» frå dei same konsertane var tidlegare gjeven ut på albumet Tonight's the Night i 1975, der Young handsamar sorga etter venen omkom av ein overdose. Ein studioversjon av songen finst på albumet Crazy Horse. Sjølv om songen er oppført som skriven av Young og Whitten på begge Young-albuma er songen berre oppført som skriven av Whitten på Crazy Horse-albumet.

Utgjevinga inneheld to andre songar frå denne tida som ikkje kom ut før fleire år etter konserten. «Winterlong» vart først gjeven ut på samleplata Decade i 1977 og «Wonderin'» kom ut på rockabillyalbumet Everybody's Rockin' i 1983.

Det var den første utgjevinga som kom ut som ein del av Archives-serien til Neil Young, men er merka som den andre. To tidlegare konsertar, Sugar Mountain - Live at Canterbury House 1968 (merka som volum 0) kom ut 25. november 2008 og Live at the Riverboat 1969 2. juni 2009.[6]

Albumet nådde 55. plassen på Billboard 200-lista i desember 2006. Det låg tre veker inne på lista.

Det finst òg ei LP-utgåva på 200-grams vinyl på Classic Records. Det var meininga at denne skulle innehelde «Cinnamon Girl» som bonusspor, men har same innhald som både CD-en og DVD-en. «Cinnamon Girl» er gjeve ut digitalt.

Oppvarmingsartisten for desse konsertane var Miles Davis som spelte med ein elektrisk sekstett.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«Everybody Knows This is Nowhere»3:36
2.«Winterlong»3:40
3.«Down by the River»12:24
4.«Wonderin'»3:35
5.«Come on Baby Let's Go Downtown» (Danny Whitten, Neil Young)3:51
6.«Cowgirl in the Sand»16:09

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Thomas, Stephen (14. november 2006). «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 13. februar 2019. 
  2. «Okayplayer review». Web.archive.org. 20. april 2008. Arkivert frå originalen 20. april 2008. Henta 13. februar 2019. 
  3. Greene, Andy (30. oktober 2006). «Rolling Stone review». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 26. mai 2007. Henta 13. februar 2019. 
  4. «Pitchfork review». Pitchfork.com. Henta 16. oktober 2012. 
  5. «HyperRust: Chronology - The Seventies - Tour info». Hyperrust.org. Henta 13. februar 2019. 
  6. Jonathan Cohen, «Neil Young Opens Archives For Fillmore CD/DVD» 22. september 2006. Last accessed 4. november 2006.

Mal:Musikkgruppa Crazy Horse