Livsverd (tysk Die Lebenswelt, engelsk The Life World/Lifeworld) er eit uttrykk som viser til den intuitive verda, den verda vi ikkje tviler på, der ting er det vi tek dei for å vere. Uttrykket er særleg prega av fenomenologiens grunnleggjar, Edmund Husserl.

I livsverda vert tvil på verda sett i parentes. Alle andre verder vert i denne samanhengen sett på som abstraksjonar, som i systemverda eller naturen slik naturvitskapen ser han. Dette kan ein seie utan å meine at ein ikkje kan gjere slike abstraksjonar eller at dei kan vere verknadsfulle, t.d. i teknologisk utvikling. Men lys er ikkje i livsverda lysbølgjer eller fotonar, men t.d. ein raud lampeskjerm, lyd er ikkje lydbølgjer, men til dømes ein vakker song, bokstavar på eit ark er ikkje tilfeldige prikkar, men uttrykkjer meining o.l. Typisk må ein i dei andre abstraksjonane alltid ty til uttrykk frå livsverda (t.d. «bølgjer», «celler» o.l.) for å skjøne kva det dreier seg om. Eitt av dei viktigaste uttrykka i livsverda er forteljingar eller narrativitet. Når ein byrjar å teoretisere kring livsverda, har ein alt teke steget ut av henne, inn i teoriverda. Kvardagsverda (die Alltagswelt) byggjer nokså direkte på livsverda, slik Husserl såg det.

Ein av dei som følgde i Husserl sine fotspor, Alfred Schütz, viste korleis livsverda byggjer på livsverda og er sosialt strukturert og typologisert; vi ventar oss alltid typiske handingar frå typiske menneske, til dømes kva ein lærar eller ein postmann skal gjere som dette.

Kjelder endre

  • Husserl, E. (1962). «Die Krisis der europäischen Wissenschaften und die transzendentale Phänomenologie. Eine Einleitung in die phänomenologische Philosophie.» Haag, Nijhoff.
  • «Die Strukturen der Lebenswelt», 2 bind, av Alfred Schutz og Thomas Luckmann. Neuwied: Luchterhand, 1975; Frankfurt am Main: Suhrkamp, 1953. Engelsk omsetjing: The Structures of the Lifeworld, Vol. I. Oms. av Richard M. Zaner and H. Tristram Engelhardt, Jr.; Vol. II. Oms. av Richard M. Zaner og David J. Parent. Evanston, Ill: Northwestern University Press, 1973, 1989.
      Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.