Loch Maree (skotsk-gælisk loch Ma-ruibhe) er ein innsjø i Wester Ross i Northwest Highlands i Skottland. Han er 20 km lang og opp mot 4 km brei, og er den fjerde største innsjøen i Skottland og den største nord for Loch Ness. Han har eit areal på 28,6 km².

Loch Maree
innsjø
Utsyn over øyane
Land  Skottland
Nedslagsfelt Beinn Eighe, Slioch, Fisherfield, Glen Docherty, Coulin, Slattadale, Talladale km²
Lengd 20 km
Breidd km
Areal 28,6 km²
Middeldjupn 38 m
Største djupn 114 m
Volum 1,09 km³
Koordinatar 57°41′23″N 5°27′27″W / 57.68972°N 5.45750°W / 57.68972; -5.45750
Øyar 30 (Isle Maree)
Kart
Loch Maree
57°41′23″N 5°27′27″W / 57.689722222222°N 5.4575°W / 57.689722222222; -5.4575
Wikimedia Commons: Loch Maree

Loch Maree har fem store skogkledde øyar og over 25 mindre øyar. Mange av øyane har sine eigne små vatn. På Isle Maree står ruinane av eit kapell, ein gravplass, ein heilag brønn og eit heilga tre, som ein trur er eremitasjen til sankt Máel Ruba (død 722). Han grunnla klosteret i Applecross i 672. På den same øya finn ein restar av byggverk av eik og kristtorn, som ein trur er knytte til dei eldgamle skotske druidane. Den største av øyane er den einaste øya i Storbritannia med ein innsjø som igjen har ei øy.

Som Loch Ness har Loch Maree visst nok sin eigen sjøorm, muc-sheilch.

Kjelder endre