Lochindorb (skotsk-gælisk Loch nan Doirb) er ein innsjø nord for Grantown on Spey i Highland i Skottland. På ei øy i innsjøen står Lochindorb Castle, som tidlegare høyrte til Clan Comyn. Innsjøen er ein populær stad for fiskarar og fuglekikkarar, som mellom anna kjem for å sjå den lokale storlomen og grågjessene. Søraust for innsjøen ligg ein liten barskog og i denne skogen ligg Lochindorb-hytta.

Lochindorb
innsjø
Ein kan berre vitje Lochindorb Castle med båt
Land  Skottland
Koordinatar 57°24′27″N 3°42′23″W / 57.40750°N 3.70639°W / 57.40750; -3.70639
Øyar Lochindorb Castle
Kart
Lochindorb
57°24′09″N 3°42′56″W / 57.402506°N 3.715573°W / 57.402506; -3.715573
Wikimedia Commons: Lochindorb

Borga endre

Borga vart først nemnd under sjølvstendekrigane då Sir John ('the Black') Comyn døydde der i 1300. I 1455 var borga eigd av Archibald Douglas, jarl av Moray, og året etter vart Douglas slått og døydde ved Arkinholm. Kongen tok då over Lochindorb og gav ordre om å rive ho ned. Sidan den gong har berre ruinane stått att.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lochindorb