Lockerbie-saka var ein terroraksjon som ramma Pan Am-rute 103 frå London til New York i 1988. Flyet vart sprengt i lufta over Lockerbie i Skottland, og drap alle passasjerane og 11 innbyggjarar i Lockerbie. Styresmaktene i Libya er blitt skulde for å stå bak åtaket, og libyaren Al-Megrahi vart dømd for det i 2001.

Vrakrestar etter Pan Am-rute 103 i Lockerbie

Lockerbie-åtaket fann stad ved 19-tida onsdag 21. desember 1988. Flyet vart sprengt i lufta over den skotske småbyen Lockerbie. Alle dei 259 menneska om bord i flyet vart drepne. I tillegg mista elleve personar på bakken livet då restane av flyet fall ned over Lockerbie.

I november 1991 vart Abdel Baset Ali Mohammed Al-Megrahi og Al Amin Khalifa Fhimah frå Libya skulda for å stå bak bombeåtaket. Al-Megrahi vart dømd til livsvarig fengsel i 2001. Fhimah vart frikjend.

Kjelder endre