For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lohengrin sjokolade.

Lohengrin, WWV 75, er ein romantisk opera av Richard Wagner. Urframsyninga var 28. august 1850 i Weimar.[1][2][3] Operaen byggjer på tysk høvisk litteratur frå mellomalderen, særleg Parzival av Wolfram von Eschenbach og oppfølgjaren Lohengrin av ein annan forfattar. Hovudpersonane i operaen er riddaren Lohengrin (tenor) og Elsa von Brabant (sopran).

Lohengrin
WWV 75
Opera av Richard Wagner

PeriodeRomantikken
Urframføring28. august 1850
Typisk lengdca. 3 ½ timar
Satsar/akter3 akter
Libretto avRichard Wagner

Operaen har òg inspirert andre kunstverk. Kong Ludwig II av Bayern kalla slottet sitt Neuschwanstein etter svaneridderen. Det var kong Ludwigs trygd som seinare gav Wagner midla og moglegheita til å fullføra den episke syklusen hans Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen), og dessutan å bygga eit teater eigna til å framføra syklusen. Handlinga føregår i hertugdømmet Brabant i dagens Belgia og Nederland, i første halvdel av 900-talet.

Forspelet til akt 1 blir ofte framført separat som eit konsertstykke (gjerne saman med det kortare forspelet til akt 3). Dette musikkstykket representerer det overnaturlege aspektet ved den heilage gralen, og har vorte utpeika som ein av Wagners mest inspirerte komposisjonar.[4][5]

Verket blei godt motteke blant tilskodarane, og fleire stykke er blitt velkjende, slik som forspelet til første og tredje akt («In fernem Land») og bryllaupsmarsjen, som ofte blir spelt i bryllaup.

Den første norske framføringa fann stad den 2. desember 1885[3][6] ved Tivoli Opera i Oslo. Den 7. desember 1911 vart Lohengrin framført på Nasjonalteateret i Oslo, og ein sjokolade kalla «Lohengrin» vart lansert.[7]

Ei typisk framsyning varer i ca. 3 ½ timar.

Roller endre

Roller, stemmeleie, rollebesetning ved premieren

Rolle Stemmeleie Rollebesetning, 28. august 1850

Dirigent: Franz Liszt

Lohengrin tenor Karl Beck
Elsa von Brabant sopran Rosa von Milde
Ortrud, Telramunds kone dramatisk sopran Josephine Fastlinger
Friedrich von Telramund, ein greve av Brabant baryton Hans von Milde
Heinrich der Vogler (Henrik I fuglefangaren) bass August Höfer
Kongens herold baryton August Pätsch
Fie adelsmenn av Brabant tenorar, bassar
Fire pasjar sopranar, altar
Hertug Gottfried, Elsas bror stum rolle Hellstedt
Saksere, thüringere, og brabantiske grever og adelege, æresfruer, pasjar, vasallar, livegne

Kjente ariar og utdrag endre

  • Akt 1
    • Forspelet
    • "Einsam in trüben Tagen" (Elsas forteljing)
    • Scene 3, "Wenn ich im Kampfe für dich siege"
  • Akt 2
    • "Durch dich musst' ich verlieren" (Telramund)
    • "Euch lüften, die mein Klagen" (Elsa)
    • Scene 4, "Elsas prosesjon til katedralen"
  • Akt 3
    • Forspelet
    • Brudekoret, "Treulich geführt"
    • "Das süsse Lied verhallt" (Kjærleiksduett)
    • "Höchstes Vertrau'n" (Lohengrins fråsegn til Elsa)
    • Kong Heinrichs tilkomme
    • "In fernem Land" (Lohengrins forteljing)
    • "Mein lieber Schwan... O Elsa! Nur ein Jahr an deiner Seite" (Lohengrins farvel)

Kjelder endre

  1. Barton D. Fisher: Wagner's Lohengrin: Opera Journeys Mini Guide Series, Opera Journeys Mini Guide Series]
  2. Wagner, Richard (2011), Lohengrin., Nicholas John, Amanda Holden, Alma Books, ISBN 978-0-7145-4521-9, OCLC 980813971, henta 2. mai 2022 
  3. 3,0 3,1 «Lohengrin: Performance History», opera.stanford.edu, henta 2. mai 2022 
  4. Newman, Ernest (1991), The Wagner operas, Princeton University Press., s. 126–129, ISBN 0-691-02716-1, OCLC 23766381, henta 2. mai 2022 
  5. Scruton, Roger (2020), Wagner's Parsifal : the music of redemption, s. 8, ISBN 978-0-241-41969-4, OCLC 1159855672, henta 2. mai 2022 
  6. «Oslo Museum: Byminner, Arkivert 24. september 2015 hos Wayback Machine.» (PDF), web.archive.org, arkivert frå originalen (PDF) 24. september 2015, henta 2. mai 2022 
  7. «Lohengrin er mer enn utseendet», adressa.no (på norsk bokmål), 16. mars 2009, arkivert frå originalen 4. februar 2018, henta 2. mai 2022 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lohengrin