Lohri er ei nordindisk innhaustingshøgtid som blir feira av både hinduar og sikhar, særleg i Panjab. Høgtida finn stad i midten av januar, som regel den 13. og nokre gonger den 14. Dagen markerer slutten på vinteren; hausten ein feirar er vinteravlinga.

Ungdommar tenner eit lohri-bål i Bangalore.
Foto: Jason Varghese

Om dagen kan ungar gå frå hus til hus og synga songar om tjuven Dulha Bhatti, ein folkehelt som hjelper og slost for fattige. Som takk får ungane søtsaker, matbitar og nokre gonger pengar. Dei innsamla lohri-sakene blir delte ut om kvelden.

Kvelden er høgdepunktet for feiringa, då ein tenner bål som ein kastar mat, som jordnøtter eller popcorn, inn i som eit offer til eldguden Agni.

Andre stader i India feirar ein dei liknande høgtidene pongal og sankranti på om lag same tid.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre


  Denne Indiaartikkelen som har med hinduisme og sikhisme å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.