Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One

Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One
Studioalbum av The Kinks
Språk engelsk
Utgjeve 27. november 1970
Innspelt April–mai og august–september 1970
Studio Morgan Studios i Willesden
Sjanger Rock
Lengd 40:25
Selskap Pye (Storbritannia), Reprise (USA)
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire)
(1969)
Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One Percy
(1971)
Singlar frå Lola Versus Powerman and the Moneygoround, Part One
  1. «Lola»
    Utgjeve: 12. juni 1970
  2. «Apeman»
    Utgjeve: 20. november 1970

Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One er eit album av det engelske rockebandet The Kinks, spelt inn og gjeve ut i 1970. Det er best kjend for hitsingelen «Lola».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Blender4/5 stars[2]
Robert ChristgauB−[3]

Lola versus Powerman er eit satirisk syn på dei forskjellige aspekta i musikkindustrien, som songutgjevarar («Denmark Street»), fagforeiningar («Get Back in Line»), hitmakarmaskinen («Top of the Pops»), reknskapsførarar og forretningsførarar («The Moneygoround») og turnelivet («This Time Tomorrow»).

Musikalsk er albumet variert, og varierer mellom rolege balladar som «Get Back in Line» og «A Long Way From Home» og hardrocksongar som «Rats» og «Powerman», og «Denmark Street» og «The Moneygoround» som har innslag av engelsk varietémusikk.

Songen «Lola» omhandlar eit møte med ein transvestitt. Davies gjekk bevisst inn for å lage ein hit, etter at bandet i lang stund hadde vore fråverande på både dei amerikanske og britiske hitlistene. For å unngå søksmål, måtte Davies lage ei utgåve av songen der orda «Coca-Cola» vart fjerna.

Suksessen til både singelen og albumet gjorde at bandet kunne forhandle fram ein ny kontrakt med RCA Records, bygge sitt eige London Studio og ta meir kreativ kontroll over bandet. Dei la òg ut på turne i USA etter at dei hadde vore bannlyst frå å halde konsertar der sidan 1965.[4]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«The Contenders»2:42
2.«Strangers» (Dave Davies)3:20
3.«Denmark Street»2:02
4.«Get Back in Line»3:04
5.«Lola»4:01
6.«Top of the Pops»3:40
7.«The Moneygoround»1:47
Side B
Nr.TittelLengd
8.«This Time Tomorrow»3:22
9.«A Long Way From Home»2:27
10.«Rats» (Dave Davies)2:40
11.«Apeman»3:52
12.«Powerman» (Ray Davies/Dave Davies)4:18
13.«Got to Be Free»3:01
Bonusspor på CD-utgåve frå 1998 og 2004
Nr.TittelLengd
14.«Lola» (mono singelmiks)4:08
15.«Apeman» (akustisk demo)3:41
16.«Powerman» (akustisk demo)4:23
Bonusspor på Sanctuary Records si lukusutgåve frå 2014 - Plate 1
Nr.TittelLengd
14.«Anytime»3:33
15.«The Contenders» (instrumental demo)3:01
16.«The Good Life»3:16
17.«Lola» (alternativ versjon)5:28
18.«This Time Tomorrow» (instrumental)3:19
19.«Apeman» (alternativ versjon, stereo)3:42
20.«Got to Be Free» (alternativ versjon)2:03
  • Luksusutgåva frå 2014 inneheld det neste Kinks-albumet Percy som den andre plata, òg med bonusspor. Den doble utgåva heiter Lola versus Powerman and The Moneygoround and Percy.

Medverkande endre

Salslister endre

Album endre

Liste (1970) Plassering
Australia[5] 24
US[5][6] 35

Singlar endre

År Singel Storbritannia USA Nederland Australia New Zealand
1970 «Lola» 2 9[6] 1 4 1
1970 «Apeman» 5 45[6] 14 5 5

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Blender review Arkivert 30 September 2007 ved Wayback Machine.
  3. Robert Christgau review
  4. Who Let the Kinks In? Arkivert 2009-01-09 ved Wayback Machine., Loraine Alterman, Rolling Stone, 18. desember 1969
  5. 5,0 5,1 «International Chart Positions». Henta 1 December 2009. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «The Kinks: Charts and Awards». Allmusic. Henta 1 December 2009.