Lommelerke, lommeflaske eller berre lerke er ein flat behaldar av glas eller metall med kork til oppbevaring av væske. Lommelerker av glas er tilnærma sirkeforma, vertikalt tverrsnitt, medan tilsvarande flasker i meir langstrekt form gjerne blir kalla jaktflasker. I dag er lommelerker utstyrt med skrukork, medan dei gamle vanlegvis hadde kork. Fasongen er ofte som ei flatklemt flaske, men andre fasongar er også kjent. Ein del finst med ein større kapsel skrudd over korken og forma som eit drikkeglas. Denne kapselen gjer det unødvendig å ta med drikkeglas.

Lommelerke frå Gjøvik Glassverk i blått glas med emaljemåla dekor og datering 1811. Høgde 12 cm. Foto Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1919-0164.

Lommedelen av namnet kjem truleg av at flaskene var lette å få inn og ut av ei vanleg jakkeinnerlomme. «Lerke» kan koma av lerkefugl, eit ord som tyder 'slurk' eller av «lerk» med tydinga leddik, eit lite rom i ei kiste eller ein koffert.[1] Andre meiner at namnet har sitt opphav frå Fredrik Georg Lerche, drukkenbolt og svirebror av Henrik Wergeland.

The Pocket Pistol («lommepistol») kan på engelsk òg vere slang for «lommelerke» eller hofteflaske med whisky. Illustrasjon frå Harper's Monthly Magazine 1860.
Firkanta lommelerke.

Volumet varierer mellom 1/2 flaske og 0,2 liter. Innhaldet bestemte eigaren sjølv, men det vart oftast ikkje tatt med drikke som kravde spesielle glas slik som konjakk. Brennevin som whisky og akevitt var vanleg, forutan «himkok».

Lerka var med på tur til alle årstider og kom fram når situasjonen låg til rette for det. Vanleg er framleis er totsupenelg- eller reinsdyrjakt og ein klunk til peisbålet.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Korshavn, Jan Håvard (1994): Norsk empire glass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik. ISBN 82-09323-21-2
  • Polak, Ada (1958): Glassboken. Oslo.
  • Østby, Jon Birger (1983): Nomenklatur for drikkestell, med tegninger av Torill Sand. Oslo