50°03′58″N 05°44′45″W / 50.06611°N 5.74583°W / 50.06611; -5.74583

Longships fyr
Kvart over Longships frå 1946

Longships er ei gruppe skjer om lag 2 km vest for Land's End i Cornwall i England.

Det står eit fyr på Longships, opphavleg bygd i 1795 på det høgaste punktet på det største skjeret. Det første tårnet stod berre 12 meter over havet, så ved grov sjø var det ikkje mogeleg å sjå fyrlykta. Dermed valde Trinity House å byggje eit større tårn. Bygginga av det nye tårnet starta i 1870 og vart først tent i desember 1873.[1]Sjølv med desse utbetringane forliste «S.S. Bluejacket» like ved fyret ei klår natt i 1898, og øydela nesten fyret i same slengen. Sidan 1988 har fyret vore automatisert. Lyset er isofase med eit intervall på 10 sekund. Fyret har òg ein tåkelur som gjev frå seg lyd kvart 10. sekund i skodde.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Nicholson, Christopher (1995). Rock lighthouses of Britain - The end of an era?. Whittles Publishing. s. 72–73. ISBN 1870325419.