Looe (kornisk Logh) er ein kystby i Cornwall i England. Han består av to delar, East Looe og West Looe, som ligg på kvar si side av elva Looe. Ei viktoriansk bru med sju bogar kryssar elva mellom dei to delane.

Looe

kornisk Logh
Plassering
Looe is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cornwall
Distrikt Cornwall
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 280
Koordinatar 50°21′N 4°27′W / 50.350°N 4.450°W / 50.350; -4.450
Diverse annan informasjon
Postnummer PL13
Telefon-retningsnummer 01503
Commons har multimedium som gjeld: Looe

I West Looe, på kornisk kalla Porthbyghan, finn ein ei kyrkje vigd til St. Nikolas, truleg frå 1300-talet. I East Looe står ein gammal laugshall og ei kyrkje på 1200-talet, vigd til Jomfru Maria.

Før reformlova i 1832 hadde bydelane to representantar kvar i parlamentet, trass i at dei hadde svært få innbyggjarar. Dei var dermed blant dei verste døma på «rotne valkretsar».

Nokre hundre meter utanfor byen ligg Looe Island, ei lita øy med ruinar etter eit kloster frå mellomalderen. Byen er kjent for ein apepark i nærleiken, og for haifiske.

Jernbanestasjonen er endestasjon for ei sidelinje frå Liskeard.

Kjelder endre