Lorenz van Steenwinckel

Lorenz van Steenwinckel (15851619) var ein dansk arkitekt og bilethoggar knytt til Kristian IV og byggeprosjekta hans.

Lorenz van Steenwinckel
Statsborgarskap Danmark
Fødd 1585
København
Død

1619 (34 år)
København

Yrke arkitekt, bilethoggar
Far Hans van Steenwinckel den eldre
Trefoldighedskyrkja i Kristianstad i Skåne, Sverige.
Foto: Fred J

Lorenz var son av Hans van Steenwinckel den eldre og bror til Hans van Steenwinckel den yngre.

Frå 1613 skal han ha vore ansvarleg for fleire prosjekt, mellom anna Kristian IVs kapell i Roskilde domkyrkje, Trefoldighetskyrkja i Kristianstad og Børsen i København som broren Hans gjorde ferdig da Lorenz døydde i 1619.

Vurderinga av Steenwincel har svinga, nokre kunsthistorikarar har gitt han ansvar for mange av dei vellykka bygga, men andre har sett meir på han som murar og steinhoggar. Eit teikn på det siste er at det i kontraktane klårt og tydeleg står skrive at han skal arbeide etter teikningar levert av kongen.

Kjelder endre