Lotta Love
Singel av Nicolette Larson
frå albumet Nicolette
B-side

«Angels Rejoiced»

Språk engelsk
Utgjeve 4. november 1978
Innspelt 1978
Sjanger Softrock
Lengd 3:11 (radioedit)
4:14 (utvida)
Selskap Warner Bros.
Komponist Neil Young
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Ted Templeman
Nicolette Larson-kronologi 
Lotta Love «Rhumba Girl»
(1979)


«Lotta Love» er ein song av Neil Young frå albumet Comes a Time frå 1978.

Nicolette Larson, som song harmonivokal på albumet til Young, spelte inn ei utgåve av songen som debutsingelen sin. Singelen nådde 8. plass på den amerikanske singellista. Singelen vart òg ein hit i Australia (11) og New Zealand (22).

Larson samarbeidde med Young på American Stars 'n Bars, og ein dag køyrte ho i lag med Young i bilen hans då dei høyrte på ein kassett med demoen av «Lotta Love». Young sa at songen var hennar om ho ønskte han. Larson si utgåve av «Lotta Love» har strykarar, blåsarar og ein fløytesolo, og presenterte songen som optimistisk.

Singelen til Larson kom ut omtrent samstundes med albumet til Neil Young, fordi albumet vart utsett ei stund. Singelen hennar vart derfor halde tilbake i tilfelle Young sjølv kom til å gje songen ut som singel. Han gav derimot berre ut songen som B-side til songen «Comes a Times».

Det vart òg gjeven ut ein lengre discoversjon av singelen til Larson.

Ei konsertutgåve av songen vart gjeven ut på konsertalbumet til Larson, Live at the Roxy i 1978. Ei konsertutgåve med Neil Young vart gjeven ut på Live Rust i 1979.

Kjelder endre