Lough Gur er ein innsjø (på engelsk lough) i County Limerick i Republikken Irland, nær byen Bruff. Innsjøen er forma som ein hestesko. Området rundt innsjøen er eit av dei viktigaste arkeologiske områda på Irland og det har vore menneske her sidan om lag år 3000 f.Kr. [1]

Lough Gur
innsjø
Nordenden av Lough Gur.
Land  Irland
Fylke County Limerick
Innsjøtype Lough
Koordinatar 52°31′N 8°32′W / 52.517°N 8.533°W / 52.517; -8.533
Kart
Lough Gur
52°30′59″N 8°32′00″W / 52.516380555556°N 8.5332777777778°W / 52.516380555556; -8.5332777777778
Wikimedia Commons: Lough Gur

Den største steinsirkelen på Irland, ved Grange, ligg nær innsjøen. Her ligg òg restane av minst tre crannogar og ein har òg grave fram ruinar av steinhus. Fleire ringfort er funne i området. Nokre av desse er irske nasjonalmonument.[1]

Det ligg ei borg, eller tårnhus, på halvøya i innsjøen, kalla Bourchier's Castle etter Sir George Bourchier, son til den andre jarlen av Bath.[1].

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Illustrated Guide to Lough Gur, O'Kelly, M. J. & O'Kelly, C. 1981.

Kjelder endre