Lough Swilly (Loch Súilíirsk) er ein fjord (sea loughengelsk) på vestsida av halvøya Inishowen i County Donegal i Republikken Irland.

Lough Swilly
fjord
Land  Irland
Kart
Lough Swilly
55°09′14″N 7°32′12″W / 55.153769444444°N 7.5366194444444°W / 55.153769444444; -7.5366194444444
Wikimedia Commons: Lough Swilly
Kart over halvøya Inishowen med Lough Swilly i vest

Lengst nord i fjorden ligg Fanad Head og Dunaff Head. Av byar langs fjorden finn ein Buncrana på Inishowen og Rathmullan på vestsida. Heilt innerst i fjorden i sør ligg Letterkenny.

Etter eit opprør som slo feil i september 1607 la Hugh O'Neill, den andre jarlen av Tyrone og Rory O'Donnell, den første jarlen av Tyrconnell frå land ved Rathmullan med nitti av etterfølgjarane sine i det som er vorte kalla flukten til jarlane og kom aldri tilbake til Irland igjen. Ein fransk flåte som hadde med seg Wolfe Tone og troppar til å assistere i opprøret i 1798 vart avskore og slått ytterst i Lough Swilly i oktober 1798. Tone vart tatt til fange i Letterkenny.

Fjorden vart nytta som ankerplass for Royal Navy under den første verdskrigen. Britane bygde òg fleire fort for å forsvare fjorden og restane av desse kan ein sjå ved Lenan Head, Dunree (i dag eit museum) og Buncrana. Fjordane var òg ein av traktathamnene spesifisert i den anglo-irske avtalen.

Kjelder endre