Louis Braille (utt. [lwi bʁɑj]; fransk punktskrift: ⠨⠇⠕⠥⠊⠎⠀⠨⠃⠗⠁⠊⠇⠇⠑; norsk punktskrift: ⠠⠇⠕⠥⠊⠎⠀⠠⠃⠗⠁⠊⠇⠇⠑; 4. januar 18096. januar 1852) var ein fransk utdannar, kjend som oppfinnaren av punktskrifta som vert nytta av blinde. På mange språk er punktskrifta kalla braille, i Noreg òg kalla blindeskrift.

Louis Braille

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 4. januar 1809
Coupvray
Død

6. januar 1852 (43 år)
Paris

Yrke organist, oppfinnar, educator of the blind
Språk fransk
Religion katolisisme
Ektefelle ingen verdi
Louis Braille på Commons
Tastatur med punktskrift og vanleg skrift

Bakgrunn endre

Braille var fødd i Coupvray nær Paris i Frankrike. Som treåring skadde han det venstre auga. Faren hans var skomakar, og vesle Luis ville leika med verktøyet. Medan han leikte med ein syl, bomma han på skoen og sylen traff han i auget. Det oppstod ein infeksjon som òg spreidde seg til det høgre auga hans, og gjorde han blind. Då han skulle byrja på skulen sette han seg bakarst i klasserommet og høyrde på undervisninga. Til trass for handikapet sitt vart han best i klassa, men måtte likevel forlate skulen, ettersom han ikkje kunne lesa eller skriva. Som tiåring fekk han eit stipend slik at han kunne byrja ved Institution Royale des Jeunes Aveugles (Den kongelege skulen for blind ungdom), der elevane lærte praktiske handverk (skomakar). Seinare vart han lærar på skulen.

Blindeskrift endre

På skulen lærte dei blinde å kjenne att opphøgde framstillingar av vanlege visuelle bokstavar. Denne forma for blindeskrift hadde ulemper, mellom anna at brukarane ikkje kunne produsera eigne tekster sjølv, fordi dei ikkje kunne lesa det dei sjølv hadde skrive, eller kommunisera med andre blindeskriftlesarar utan hjelp frå sjåande.

Då han var 15 år fant Braille opp eit «punktsystem» inspirert av systemet til kaptein Charles Barbier de la Serre, som vitja skulen. Han hadde med seg eit system som soldatar på den tida brukte for å kunna kommunisera med kvarandre i mørket. Systemet til Serre var basert på 12 punkt, medan systemet til Braille var bygd opp ved hjelp av berre 6 punkt. Seinare utvida Braille systemet til å inkludera matematiske og musikalske teikn.

Braille døydde av tuberkulose i 1852, og er gravlagd i Panthéon i Paris.

Litteratur endre

  • Lise Männikö, Skriften i mørket, Omnipax 2009
  • Mats Køber og Kari Rudjord (red), Bare røre, ikke se : Om Louis Braille, språk og skrift 8, Akademisk publisering 2009

Kjelder endre