Lourdes (oksitansk Lorda) er ein by og kommune sørvest i Frankrike i departementet Hautes-Pyrénées i regionen Midi-Pyrénées. I sør ligg Pyreneane med fjelltoppane Aneto, Montaigu og Vignemale (3 298m), medan det rundt byen er tre toppar på opp til 1 000 meter, som vert kalla Béout, Petit Jer og Grand Jer.

Lourdes
Festninga i Lourdes
Festninga i Lourdes
Festninga i Lourdes
Byvåpenet til Lourdes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Midi-Pyrénées
Hautes-Pyrénées
Geografi
Flatevidd 36,94 km²
Flatevidd
 - By

37 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

15 203
  411/km²
Koordinatar 43°05′N 00°03′W / 43.083°N 0.050°W / 43.083; -0.050
Høgd over havet 410 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 65100
Heimeside: www.lourdes-france.com

Lourdes var opphavleg ein liten og lite viktig kjøpstad ved foten av Pyreneane. Borga som stig opp frå sentrum av byen, var lenge det einaste viktige i byen. Etter at Bernadette Soubirous i 1858 visstnok hadde eit syn av Jomfru Maria i byen, har Lourdes utvikla seg til ein svært populær kristen pilegrimsstad.

I dag har Lourdes om lag 17 000 innbyggjarar, men tar imot om lag 5 millionar pilegrimar og turistar kvar år. Lourdes er den byen i Frankrike med nest flest hotell etter Paris med om lag 270 stykk.

Historie endre

På 700-talet var det fleire småkampar mellom Mirat, den lokale maurarleiaren, og Karl den store, konge over frankarane i Lourdes og festninga som låg her. Karl den store hadde omleira Mirat i festninga ei stund, men mauraren hadde så langt nekta å overgje seg. Ifølgje segna skal ei ørn uventa ha dukka opp og sleppte ein enorm laks ved foten til Mirat. Dette vart sett på som eit dårleg teikn, og Mirat vart overtala til å overgje seg til dronninga av himmelen av den lokale biskopen. Han vitja Den svarte Madonna av Puy for å ofre gåver, slik at han kunne få eit sikkert svar på om det var det rette å overgje seg. Han vart forbløffa over kor vakker ho var, og valde å overgje festninga og konvertere til kristendom. På dagen han vart døypt, tok Mirat namnet Lours, som òg vart namnet til byen. Gjennom tidene har dette endra seg til Lourdes.

Etter å ha vore residens for grevar av Bigorre vart Lourdes i 1360 gjeve bort til England etter traktaten i Brétigny, som førte til mellombels fred med Frankrike under hundreårskrigen.

I 1405 omleira Karl VI borga under hundreårskrigen, og etter 18 månadar erobra han byen frå engelskmennene.

På 1500-talet vart byen rasert under hugenottkrigen mellom romerske katolikkar og hugenottar. I 1569 gjekk grev Gabriel de Montomery til åtak på den nærliggande byen Tarbes då dronning Jeanne d’Albret av Navarre oppretta protestantisme der. Byen vart åtaka i 1592 av katolske styrkar, som gjenoppretta katolisismen i området.

I 1607 vart Lourdes omsider ein del av Kongedømet Frankrike.

Borga vart eit fengsel under Louis XV, men i 1789 vart fangane sleppt fri. Napoleon I oppretta igjen fengsel her i 1803.

Mot slutten av Napoleonskrigen på Den iberiske halvøya mellom Frankrike, Spania, Portugal og Storbritannia i 1814, gjekk britiske og allierte styrkar, under leiing av Hertugen av Wellington, inn i Frankrike og tok kontroll over området. Dei følgde marskalk Soult sin hær, og slo den franske hæren nær Tarbes før det siste slaget fann stad utanfor Toulouse den 10. april 1814. Dette førte til slutten av krigen.

 
Statuen av Vår frue i Lourdes

Fram til 1858 var Lourdes ein roleg og søvnig by med om lag 4 000 innbyggjarar. 11. februar 1858 hevda den 14 år gamle lokale jenta Bernadette Soubirous at ei vakker kvinne hadde vist seg for ho i den avsidesliggande Grotto av Massabielle. Kvinna skal seinare ha identifisert seg sjølv som «den reine unnfangelsen», og dei truande meinte det var Jomfru Maria. Kvinna viste seg 18 gonger, og i 1859 strøymde tusenvis av pilegrimar til Lourdes. Ein statue av Vår Frue av Lourdes vart reist her i 1864. Etter dette vart Lourdes ein av dei viktigaste katolske heilagdomane for Jomfru Maria, og talet på vitjande steig frå år til år. Staden er så viktig for den katolske kyrkja at Pave Johannes Paul II vitja heilagdomen to gonger i 1983 og 2004.

Heilagdomen i Lourdes endre

Frå mars til oktober strøymer katolske pilegrimar frå heile verda til Vår Frue av Lourdes. Ein meiner at kjelda i grotta har lækjande eigenskapar, som visstnok skal ha gjort folk med uhelbredlege sjukdommar friske. Det er estimert at om lag 200 millionar menneske har vitja heilagdomen sidan 1860, og den romersk-katolske kyrkja har offisielt godkjend 68 mirakuløse helbredingar.

Det finst òg mange kritikarar og skeptikarar til desse syna frå 1856. Familien til jenta var svært fattige, men etter dei påståtte syna opplevde familien stor framgang og vart rik. Derfor hevdar kritikarane at det var familien til jenta som stod bak dei påståtte syna.

Mange vitjande i Lourdes vert sjokkert over å sjå dei mange neonopplyste suvenirbutikkane med sal av tvilsame heilage gjenstandar. Lourdes har vorte kalla «Den katolske kyrkja sitt svar på Disneyland» og parallellar vert stundom trekt til Las Vegas. Kritikarar hevdar òg at Lourdes-fenomenet i dag berre er noko byen og regionen tener pengar på, og derfor er svært interessert i å få pilegrimane til å halde fram med å kome hit.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre