Luca Marenzio

italiensk komponist

Luca Marenzio (fødd 1553 i Coccaglio, nær Brescia i Italia, død 22. august 1599 i Roma) var ein italiensk komponist som levde seint i renessansen. Han var ein av dei mest kjende madrigalkomponistane.

Luca Marenzio

Fødd1553
FødestadCoccaglio nær Brescia i Italia
Død22. august 1599
DødsstadRoma i Italia
OpphavRepublikken Venezia, Kyrkjestaten
Aktiv1577-1599
SjangerRenessansemusikk, vokalmusikk
Verka somKomponist

Liv endre

Marenzio kan ha vore fødd i 1553. Ein trur dette fordi faren ein gong skreiv ned alderen på sonen.

Han vekk den første utdanninga si i Brescia, truleg i Mantua. Han flytte så til Roma, derh an arbeidde som songar for kardinal Cristoforo Madruzzo. Etter at kardinalen døydde, arbeidde han i hoffet til kardinal Luigi d'Este. Her byrja han å verte kjend som komponist, og ved 1581 hadde musikken hans vorte særs populær. Bøkene hans med madrigalar vart ofte trykte opp att, og madrigalane hans var ofte å finne i publiserte samlingar.

I 1587 flytta han til Firenze, der han arbeidde for Ferdinando I de' Medici i to år, før han vendte attende til Roma. Bortsett frå ei reise til Polen i 1596-1597, vart han verande her resten av livet. I Polen arbeidde han for Sigismund III Vasa i Warszawa. Det ser ut til at reisa hans til Polen gjekk hardt ut over helsa hans og han døydde i Roma i 1599, kort tid etter han kom attende.

Musikk endre

Marenzio skreiv noko religiøs musikk, motettar og madrigalar baserte på religiøse tekstar. Dei mest kjende musikken hans bestod av verdslege madrigalar. Dei vart skriven over ein periode på tjue år og finst i mange stilar.

Marenzio publiserte minst femten musikksamlingar, hovudsakleg madrigalar, men òg canzonettaer og villanellaer. Desse liknar madrigalar, men er veldig lette i stilen. Somme av dei seinare verka hans er særs kromatiske: dei nyttar harmoni på ein måte som var uvanleg på denne tida. Han lagde ofte musikk som passa meininga til teksten. Dette vert kalla ordmåling.

Påverknad endre

Musikken til Marenzio påverka mange komponistar i Italia, samt resten av Europa. Fleire av madrigalane hans fanst i Musica transalpina, ei madrigalsamling frå 1588 av Nicholas Yonge i England.

Kjelder endre