Lucas Cranach den eldre

Lucas Cranach den eldre (4. oktober 147216. oktober 1553) var ein tysk målar og grafikar under renessansen. Han var fødd i Kronach og døydde i Weimar.

Lucas Cranach den eldre

Statsborgarskap Det tysk-romerske riket, Tyskland
Fødd 4. oktober 1472
Kronach
Død

16. oktober 1553 (81 år)
Weimar

Yrke kunstmålar, grafikar, grafikar, bygningstegner, designar, kunstnar, teiknar, kobberstikker, farmasøyt, forleggjar
Språk tysk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Hans Maler, Hans Sunder
Mor Barbara Hübner
Ektefelle Barbara Brengbier
Lucas Cranach den eldre på Commons
Kvile under flukta frå Egypt, 1504
Cupido grammar seg overfor Venus, ca. 1525
Hjortejakta, 1540

Størstedelen av sitt liv arbeidde Cranach for dei saksiske kurfyrstanse, og vart som hoffmålar kjend for sine portrett av tyske fyrstar. Cranach var mellom dei som slutta opp om protestantismen, og måla leiarane av den tyske reformasjonen. Dessutan måla han religiøse motiv, fyrst i den katolske tradisjonen, men prøvde seinare å finne nye måtar å framstille lutherske religiøse temaer i kunsten sin. Heile livet laga han aktmotiv henta frå mytologi og religion. Han dreiv ein stort verkstad og mange av arbeida hans finst i ulike versjonar; sonen Lucas Cranach den yngre og andre heldt fram å skape versjonar av Cranachs verk i fleire tiår etter han var død. Lucas Cranach d.e. dreiv også eit apotek og ein bokhandel, og var i fleire periodar borgarmeister i Wittenberg.

Liv og gjerning endre

Lucas Cranach var son til målaren Hans Maler. Truleg lærde han i fyrste omgang å måle av faren, deretter reiste han rimelegvis rundt som lærling hos sørtyske målarar, slik hans samtidige Matthias Grünewald gjorde.

I 1501 reiste Cranach til Wien og arbeidde der til 1504. Måleri frå dei åra viser tydelege spor frå den såkalla Donauskulen. I Wien knytte han elles kontakt med leiande humanistar. Mot slutten av opphaldet i Wien signerte Cranach bileta sine med Lucas Cranach (= Lucas (frå) Kronach). I 1505 vert han for fyrste gong nemnd i dokument frå Wittenberg, der han vart tilsett som hoffmålar hos Fredrik den vise. Hos Fredrik den vise innretta Lucas Cranach ein verkstad som straks byrja vekse og fekk oppdrag som gjaldt utsmykking av kloster og kyrkjer, samt utkast til dekorasjonar for bruk ved festlege høve. Han tok også til med grafiske trykk som han til liks med Albrecht Dürer distribuerte gratis.

Frå januar 1508 høyrde Cranach til eliten i Wittenberg, med rett til å føre familievåpen. Same året sende kurfyrsten han på eit diplomatisk oppdrag til Mechelen i Nederlanda, der han og andre familiemedlemmer laga portrett av keisar Maxmilliam I og den seinare keisaren Karl V.

Kringom 1512 gifta Cranach seg med Barbara Brengebier, dotter til borgarmeisteren i Gotha. År 1512 opna Cranach ei skjenkestove for vin, og i 1520 var han i stand til å kjøpe eit apotek i Wittenberg, nokre få år dreiv han bokhandel, papirhandel og var forleggar. Cranach møtte i 1524 den store målaren Albrecht Dürer i Nürnberg. Dürer teikna då eit sølvstiftportrett av Cranach.

I perioden 1519/20 og gjentekne periodar frå 1535 sat Cranch som bykasserar for Wittenberg. Vidare var han medlem av byrådet i perioden 1528/29, og var borgarmeister i fleire bolkar frå 1537 til 1544. Åra 1523-32 var han elles i teneste hos 'Johan den standhaftige', den dåverande kurfyrsten over Sachsen.

I Wittenberg var Cranch ein nær venn av Philipp Melanchthon og Martin Luther. Cranach og kona hans var trulovarar då Luther gifta seg med Katharina von Bora, og Cranach stod fadder for Luthers eldste son. Cranach var den viktigaste målaren for den tyske reformasjonen, og gjennom grafikken som vart distribuert i reformatoriske skrifter over heile Tyskland deltok han også i den samtidige, religiøse debatten.

Frå 1532 gjekk Cranach for enno ein Sachsen-fyrste, Johan Fredrik I. Då kurfyrsten i 1547 var teken til fange, etter å ha tapt den schmalkaldiske krigen, fylgde Cranach, på oppfordring, den tilfangetekne fyrsten til Augsburg og deretter til Innsbruck. Også medan herren hans sat i fangenskap arbeidde han både for han og for folk som vitja han. Sonen Lucas Cranach den yngre hadde då teke over målarverkstaden i Wittenberg. I Augsburg vart Cranach elles kjend med Tizian.

I 1549 fylgde Cranach kurfyrsten til hans nye residens i Weimar. Fire år seinare døydde Cranach i Weimar, men då i heimen til dottera. Huset står enno og vert framleis kalla Cranachhaus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lucas Cranach den eldre