For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Ludlow (fleirtyding).

Ludlow er ein markandsby i grevskapet Shropshire i England nær grensa til Wales. Han har kring 10 500 innbyggjarar og ligg i ein sving i elva Teme på austsida. Byen er bygd på ein liten ås og på toppen av åsen ligg Ludlow Castle og marknadsplassen. Frå der går gatene nedover mot Teme og nordover mot elva Corve. Byen har intakte bymurar frå mellomalderen.

Ludlow

Dinham bru over elva Teme nær Ludlow Castle.
Dinham bru over elva Teme nær Ludlow Castle.
Dinham bru over elva Teme nær Ludlow Castle.
Plassering
Ludlow is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Shropshire
Distrikt Shropshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

10 500
Koordinatar 52°22′N 2°43′W / 52.367°N 2.717°W / 52.367; -2.717
Diverse annan informasjon
Postnummer SY8
Telefon-retningsnummer 0 1584
Commons har multimedium som gjeld: Ludlow

Ludlow har nesten 500 verna bygningar.[1] Dei omfattar fine døme på bygningar frå mellomalderen og tudortida. Soknekyrkja St Laurence Church er den største i grevskapet.[2]

Kjelder endre

  1. «Ludlow's Buildings». Henta 25. juli 2011. 
  2. Mawer, Fred (25. juli 2011). «Getting a Taste for Ludlow». The Daily Telegraph (London). Henta 17. september 2007.