Ludovic Giuly

fransk fotballspelar

Ludovic Guily (fødd 10. juli 1976) er ein fransk tidlegare fotballsspelar som vann Meisterligaen 2006 med FC Barcelona. Den kortvaksne offensive midtbanespelaren er kjend etter sine år i Olympique Lyonnais, AS Monaco, FC Barcelona, AS Roma og Paris Saint-Germain. Han spelte 17 landskampar for Frankrike i perioden 2000-05 og skåra tre mål.

Ludovic Giuly

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 10. juli 1976 (47 år)
Lyon
Yrke fotballspelar
Språk fransk
Høgd 164 centimeter
Nettstad http://www.ludovic-giuly.com
Ludovic Giuly på Commons

Giuly debuterte på Olympique Lyon i 1994 og vart overført til AS Monaco sommaren 1998. Med Monaco vart han fransk seriemeister i 2000 og ligacupvinnar i 2003. I 2004 var han kaptein på laget som tok seg heilt til finalen i meisterligaen. Han vart midtvegs i 1. omgang skadd pg måtte forlate bana i ein kamp som enda med tap 0-3 mot FC Porto.

Same sommaren gjekk turen til FC Barcelona. Både i 2005 og 2006 vart Giuly spansk seriemeister, i 2006 var han med på sine største triumf på fotballbana då det katalanske laget vann meisterligaen. Sesongen 2007/08 spelte han på AS Roma, eit lag som vann den nasjonale cupen i 2008. Frå sommaren 2008 spelte han i tre år på Paris Saint-Germain, og også her fekk han med seg ein pokal då laget vann den franske cupmeisterskapen i 2010. Han reiste i 2011 tilbake til AS Monaco, der han spelte ein sesong, det same gjorde han så i Lorient i 2012/13. Sidan den tid har han spelt fotball på amatørnivå.

Kjelder endre