Ludvika er ein by i Västerbergslagen og sørlege Dalarna ved søraustenden av innsjøen Väsman, 65 km sørvest for Falun. Staden ligg hovudsakleg i Ludvika kommun. Den austre delen ligg i Smedjebackens kommun. Ludvika er centralort i Ludvika kommun. Ludvika har 14 498 innbyggarar (2011) og er den 83. største byen i Sverige.

Ludvika
by
Land  Sverige
Areal 1 127 km²
Folketal 15 614 (31. desember 2020)
Kart
Ludvika
60°07′13″N 15°10′14″E / 60.120171999802°N 15.170645454352°E / 60.120171999802; 15.170645454352
Ludvika i Sverige.
Ludvika i Sverige.
Ludvika i Sverige.
Wikimedia Commons: Ludvika

Ludvika er ein industri- og handelsstad. På staden finst bl.a eit gruvemuseum. Byen er eit handelssentrum og jernbaneknutepunkt

Historie endre

 
Ludvika stadshus.
 
Ludvika herrgård.

Ved Ludvika ström lét Gustav Vasa anlegge Ludvika kronobruk kring 1550. Dette var Sveriges første bruk for stangjernsmie i regi av krona. I 1726 vart bruket seld til familien Cedercreutz. Familien Roth, som var dei siste eigarane, utvida bruket med eit sagbruk og eit vasskraftverk. Ludvika bruk la ned produksjonen i 1920.

Ludvika fekk byprivilegium i 1919. I 1981 vart Karin Värmefjord den første kvinnelege politimeistaren i Ludvika og i Sverige.

Stadnamnet endre

Tolkinga av namnet «Ludvika» er langt frå sikker. Namnet er tidlegast belagt i 1539 og var opphavleg ein by i den søre delen av den noverande tettstaden. Byen har sannsynlegvis fått namnet sitt av Lyviken like ved i innsjøen Väsman. Namnet på vika kan vidar i sin tur kanskje koplast til det i kjeldene ubelagde namnet Lydhia på det vassdraget som munnar ut der. Dette namnet er i så fall danna til eit ord som er i slekt med ludd og luden og som viser til takrøyr som veks der.[1] Etter ei anna tolkning skulle forstavinga i namnet på vika istaden komme av det gammalvenske ordet ly som tyder 'le', altså 'levika'.[2]

Den noverande forma Ludvika er truleg ei forfina form frå 1700-talet, kanskje påverka av mannsnamnet Ludvig.[2] Namnet på kyrkja og soknet, Ludvika Ulrika, vart innført i 1752 for å heidre den nye svenske dronninga Lovisa Ulrika.[3]

Referansar endre

  1. Wahlberg, Mats, red. (2003), Svenskt ortnamnslexikon, Uppsala: Språk- och folkminnesinstitutet, s. 198, ISBN 91-7229-020-X 
  2. 2,0 2,1 Harry Ståhl (1946), Helge Lindberg, red., «Bärke, Gränge och Ludvika. Några ortnamn från Västerbergslagen», Ortnamnsällskapets i Uppsala årsskrift (Uppsala): 11–14 
  3. Sege, Carl A:son (1952), Ludvika Kyrka, Falun: Ludvika kyrkoråd, s. 14 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ludvika