Luftskipet R101 var det eine av to britiske stive (rigid luftskip) som vart bygd i 1929 som ein del av programmet til den britiske regjering om å utvikla to sivile luftskip, kapable til lang-distanse rutar innan Det britiske imperiet. Skipet var teikna og bygget av eit team, oppnemnt av luftfartsministeriet. Bygginga føregjekk i konkurranse med eit privat, men regjeringstøttet R100 som vart bygd samstundes. Då det vart bygd var den verda si største craft med sina 223 meter i lengd og vart ikkje overgått inntil luftskipet «Hindenburg» sju år seinare.[1]

rightR101 under bygging

Planlegging og bygging endre

Etter prøveflyvninger og etterfølgende modifikasjonar der lengda vart auka med 14 m, havarerte den 5.oktober 1930 i Frankrike under sin jomfrutur til India med tap, 48 av dei 54 ombord.[2][3] Bland dei omkomne var lufòtfartsminsteren som hadde sett i verk programmet, mange høgare embetsmenn og nærast alle konstruktørar frå Royal Airship Works

Slutten på programmet endre

 
Utanfor luftskipshangaren i Cardington

Havariet av R101 sette ein effektiv slutt på dei britiske luftkipsprogrammet. Det var ein av dei vondaste på 1930-talet. Tapet av menneskeliv var høgare enn dei 35 som omkom under Hindenburg-katastrofen i 1937. Den seinare kjende forfattar Nevil Shute Norway har i sin sjølvbiografi Slide Rule Autobiography of an Engineer(ikkje omsett til norsk) skildra arbeidd med dei to skip: Shute karakteriserer R100 som eit pragmatisk og konservativ design og R101 som ekstravagant og over-ambisiøst, men eit mål var å testa ulike tilnærmingar; R101 var med på å grensesette den eksisterande teknologien. Shute innrømde seinare at mykje av hans kritikk av byggeteamet for R101 var urettferdig.

Trivia endre

Iron Maidens song The Empire of the Clouds frå albumet The Book of Soul sin (2015) er basert på R101s havari.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Keeping Pace With Aviation.
  2. R101.
  3. Report of the R101 Inquiry