Lugano (latinsk Luganum) er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia. Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har 54 667 innbyggjarar (2010) og eit areal på 32 km². I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore og Lago di Como.

Lugano
Horisonten til Lugano
Horisonten til Lugano
Kommunevåpenet til Lugano
Kommunevåpenet til Lugano


Plassering
Lugano is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Ticino
Distrikt Lugano
Språk italiensk
Borgarmeister Giorgio Giudici
Geografi
Flatevidd
 - kommune

32 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

54 667
  1 708,3 /km²
Koordinatar 46°00′0″N 8°57′0″E / 46.00000°N 8.95000°E / 46.00000; 8.95000
Høgd over havet 273 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 6900
Nettstad: www.lugano.ch

Lugano er den niande største byen i Sveits og den største italiensktalande byen utanfor Italia.

Opphavet til namnet kjem mogelegeins frå det latinske ordet Lucus, som tyder «skog» eller «heilag skog», eller det galliske locovanno, «innsjøbuar».[1]

Eurovision Song Contest 1956 endre

Lugano var vertsby for den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956. Tevlinga vart halden 24. mai 1956 i Teatro Kursaal.

 

Kjelder endre

  1. origin of name, arkivert frå originalen 16. juli 2011, henta 14. mars 2012 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Lugano frå Wikivoyage
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.