Lugerpistolen eller Parabellumpistolen er ein halvautomatisk pistol introdusert av Deutsche Waffen- und Munitionsfabriken (DWM). Han var populær både militært og sivilt i første halvdel av førre hundreåret. Av andre nemningar for våpenet kan nemnast P08, som han fekk da han vart tenestevåpen for den tyske hæren i 1908. Denne pistolen er ikkje minst viktig fordi han var den første som bruka kaliber 9 mm Parabellum, som dei fleste tenestepistolar i dag har.

Luger P08

Pistolen var konstruert av Georg Luger og var ei vidareutvikling av Borchardt C-93.

Dette våpenet vart produsert med svært høge kvalitetskrav, og somme av dei kan brukast enno. Lugerpistolane er veldig treffsikre, har ergonomisk grep, men toler ikkje så godt skit og lort på grunn av at mykje av eldgjevingsmekanismen er open. Lugeren har eit kneledd som tek rekylen og driv sjølvlademekanismen.

Dei første Lugerpistolane vart produserte alt før 1900, men det var dette året han først vart teken inn som tenestevåpen, av den sveitsiske hæren. Da bruka han ein patron i 7.65 mm, 7.65 Parabellum. Sveitsarane kalla han Ordonnanzpistole 00.

Lugeren vart vurdert i USA au, da i 9 mm Parabellum, men der enda dei opp med Colt 1911 i kaliber .45 ACP (11.25 mm). Men sivilt vart han ganske utbreidd i USA au, dei neste par ti-åra.

Våpenet vart teke inn i den tyske marinen i 1904, og i 1908 av den tyske hæren, etter at kaliberet var endra til 9 mm Parabellum. Han kom i staden for Reichsrevolver, som hadde vore tysk tenestevåpen til da.

Luger P08 var standard tenestepistol for den tyske hæren i begge verdskrigane, men vart gradvis erstatta av Walther P38 frå 1938 av. Lugeren hadde vorte for dyr for militæret, og P 38 tolte au støv og skit betre. Også Mauser produserte elles på denne tida både Luger og den nye Walther P38.

Somme sportskyttarar, særleg i Sveits, har halde fram med å bruke Lugerpistolar i 7,65 mm fordi dei er så treffsikre.

Normal produksjon av denne pistolen enda i 1999.

Tusenvis av eksemplar vart tekne med til USA og Sovjetunionen etter krigen som souvenirar, og ein del vart au att i okkuperte land som Noreg da tyskarane fór heim att i 1945.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lugerpistol

Kjelde endre

Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein meir detaljert artikkel her [1]