Luhansk

by i Ukraina

Luhansk (ukrainsk Луга́нськ, russisk Луга́нск, Lugansk), tidlegare Vorosjilovgrad, er ein by søraust i Ukraina. Han er det administrative senteret i Luhansk oblast (provins). Sjølve byen er ein eigen kommune i oblastet og har kring 450 000 innbyggjarar (2004). Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk, der han er hovudstaden.

Luhansk
ukrainsk Луганськ, russisk Луганск, Lugansk
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Luhansk oblast
Høgd 105 moh.
Koordinatar 48°34′0″N 39°20′0″E / 48.56667°N 39.33333°E / 48.56667; 39.33333
Areal 257 km²
Folketal 445 900  (2004)
Folketettleik 1 735 / km²
Grunnlagd 1795
Borgarmeister Serhiy Ivanovytsj Kravtsjenko
Postnummer 91000
Retningsnummer +380 642
Kart
Luhansk
48°34′18″N 39°17′50″E / 48.5717084°N 39.2973153°E / 48.5717084; 39.2973153
Wikimedia Commons: Luhansk
Nettstad: http://gorod.lugansk.ua/

Historie endre

Byen har ei historie som går attende til 1795 då den britiske industrimagnaten Charles Gascoigne grunnla ein metallfabrikk der. Det var byrjinga på ein industri som framleis trivst i dag. Lugansk fekk bystatus i 1882. Han ligg i Donetsbekkenet og vart utvikla til eit viktig industrisenter i Aust-Europa, mellom anna var her eit stort selskap som bygde lokomotiv.

5. november 1935 fekk byen namnet Vorosjilovgrad (Ворошиловград) til ære for den sovjetiske militærkommandanten og politikaren Kliment Vorosjilov. Den 5. mars 1958 vart det gamle namnet gjeve attende, då Khrusjtsjov ikkje lenger ville gje namn på levande personar til byar.[1][2] 5. januar 1970, etter at Vorosjilov døydde, vart namnet igjen endra attende til Vorosjilovgrad. Til slutt, den 4. mai 1990, vart det opphavlege namnet gjeve attende til byen.

Klima endre

Vêrdata for Luhansk
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 12,8 17,3 23,1 31,8 36,6 39,4 40,5 42 36,8 31,2 22,8 15,6 42
Gjennomsnittleg maks °C −1 −0,4 5,7 15,6 22,2 26,4 28,7 28,1 21,8 13,9 5,3 0,1 13,9
Døgnmiddeltemperatur °C −4 −4,1 1,4 9,7 15,8 20,1 22,3 21,2 15,3 8,6 1,8 −2,7 8,8
Gjennomsnittleg min °C −6,8 −7,4 −2,4 4,2 9,4 13,8 16 14,5 9,4 4 −1,2 −5,5 4
Lågast målte °C −41,9 −36,9 −27,3 −12,1 −8,2 −1,8 5,2 −0,4 −7,2 −16,3 −26,3 −29,6 −41,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 36 36 32 33 50 61 63 34 45 35 39 39 503
Kjelde: Pogoda.ru.net[3]

Kjelder endre

  1. «чпеообс мйфетбфхтб -[ вЙПЗТБЖЙЙ ]- иТХЭЈЧ у.о. иТХЭЈЧ». Militera.lib.ru. Henta 9. september 2012. 
  2. «Записки из Якирова Посада - Луганск-Ворошиловград-Луганск». Shusek.livejournal.com. 2. november 2009. Henta 9. september 2012. 
  3. «Pogoda.ru.net» (på russisk). May 2011. Henta 28 June 2012. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Luhansk