Luigi Palmieri

italiensk fysikar

Luigi Palmieri (22. april 18079. september 1896) var ein italiensk fysikar og meteorolog.

Luigi Palmieri

Fødd22. april 1807
Faicchio
Død9. september 1896
Napoli
NasjonalitetKongedømet Italia
Områdefysikk, seismologi, meteorologi
Yrkefysikar, vulkanolog, seismolog, professor, politikar, astronom
InstitusjonarUniversitetet i Napoli Fredrik II
Alma materUniversitetet i Napoli Fredrik II
MedlemAccademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
Accademia Nazionale dei Lincei

Biografi endre

Palmieri vart fødd i Faicchio i Benevento i Italia og døydde i Napoli, 89 år gammal. Han er kjend for dei vitskaplege studiane av utbrota frå Vesuv, for forskinga si på jordskjelv og meteorologiske fenomen, samt for å ha utbetra seismografen på denne tida.[1].

Palmieri tok utdanning i arkitektur ved Universitetet i Napoli. I 1845 vart han fysikkprofessor ved den kongelege sjøkrigsskulen i Napoli og i 1847 vart han utpeikt til leiar for fysikkavdelinga ved universitetet. I 1848 byrja han å arbeide ved Vesuv observatorium og i 1854 vart han utpeikt til direktør ved observatoriet. Ved å nytte eit elektromagnetisk seismometer for å påvise og måle skjelv i bakken, klarte Palmieri å påvise små rørsler i forsøk på å føresjå vulkanutbrot. I tillegg var han ein av dei første til å påvise helium på jorda i lavaen frå Vesuv.[2]

Ved hjelp av ein modifisert Peltier-elektrometer, gjorde han òg forsøk innan atmosfærisk elektrisitet. Andre vitskaplege bidrag var mellom anna utviklinga av ein modifisert morsetelegraf og forbetringar av anemometer og pluviometer.

Sjå òg endre

Ærevisingar endre

  • Krateret Palmieri på månen er kalla opp etter han.
  • Medlem av overrådet i meteorologi
  • Senator i kongedømet
  • Storkommandør av ordenen til den italienske krona
  • Kommandør av ordenen Rosa del Brazile

Publikasjonar endre

  • "Annali dell' osservatorio Vesuviano". 1869–1873.
  • "Incendio Vesuviano del 26 aprile 1872". Napoli, 1872.
  • "Il Vesuvio e la sua storia". Milano, 1880.
  • "Nuove lezioni di fisica sperimentale e di fisica terrestre". Napoli, 1883.
  • "Die Atmospharische Elektrizität". Wien, 1884.
  • "Les lois et les origines de l'électricité". Paris, 1885.

Kjelder endre

  1. http://www.geophys.uni-stuttgart.de/oldwww/seismometry/seismo_htm/seismographen.htm
  2. Stewart, Alfred Walter (2008). Recent Advances in Physical og Inorganic Chemistry. BiblioBazaar, LLC. s. 201. ISBN 0554805138.