Luke Howard (28. november 177221. mars 1864) var ein britisk meteorolog med breie interesser innanfor vitskap. Det største bidraget hans til vitskapen er skyklassifiseringssystemet som han la fram for Askesian Society i 1802.

Luke Howard

Fødd28. november 1772
London
Død21. mars 1864
Tottenham
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdemeteorologi
Yrkekjemikar, gælisk-fotballspiller, farmakolog, farmasøyt, meteorolog
EktefelleMariabella Eliot
BarnJohn Eliot Howard, Joseph Howard, Mary Howard, Robert Howard, Elizabeth Howard, Rachel Howard
MedlemRoyal Society

Howard har blitt kalla «meteorologien sin far» på grunn av hans omfattande vêrobservasjonar i Londonområdet frå 1801 til 1841 og artiklane hans som forandra meteorologien som vitskap. I slutten av tjueåra skreiv han Essay on the Modification of Clouds som blei publisert i 1803. Her namnga han dei tre hovudgruppene av skyer - cumulus, stratus og cirrus, i tillegg til undergrupper som cirrostratus og stratocumulus. Han oppdaga kor viktig skyer var i meteorologien.

Skyer er emne for visse særprega omformingar, danna av dei generelle forholda som påverkar alle variasjonar i atmosfæren; dei er ofte like gode synlege indikatorar på drivkreftene til desse variasjonane som ansiktet er det for sinnstilstanden til eit menneske.

Howard var ikkje den første til å klassifisere skyer. Jean-Baptiste Lamarck (1744-1829) hadde tidlegare sett fram ei liste som skildra skyer på fransk, men Howard sitt system vart meir populært sidan han brukte universell latin og hadde med skyene sin mogelegheit til å forandre seg. Ved å bruke ein liknande metode som Linné brukte i biologien på skyer, fann Howard ei elegant løysing på problemet med å namngje overgangsformer i naturen.

I tillegg til det grunnleggande arbeidet på skyer medverka Howard til mange artiklar på andre meteorologiske emner, men ikkje med like stor suksess. Han var ein pioner innan urban klima og gav ut The Climate of London i 1818-20, som inneheldt daglege observasjonar av vindretning, lufttrykk, maksimumstemperatur og nedbør. Her forkasta han òg James Hutton sin teori om regn utan å kome opp med ein alternativ forklaring.

Howard si skyklassifisering hadde ikkje berre stor innverknad i vitskapen, men òg innan kunsten. Howard skreiv til Goethe, som skreiv ei rekkje dikt til han. Howard inspirerte og Percy Bysshe Shelley sitt dikt «The Cloud» og hjelpte John Constable med hans måleri og studiar av himmelen. John Ruskin, brukte Howard si skyklassifisering i sin kritikk av landskapsmåleri i Modern Painters.

Howard var opphavleg farmasøyt av yrke, og blei vald inn i Royal Society i 1821. Han var ein kvaker og konverterte seinare til den religiøse rørsla Plymouth Brethren. Han var fødd og budde i London, men i åra 1824-1852 heldt han seg i Ackworth, Yorkshire der dottera hans, Rachel, grunnla ein skule.

Referansar endre

  • Hamblyn, Richard, The Invention of Clouds, London, Picador, 2001.
  • Thornes, John.E., John Constable's Skies, The University of Birmingham Press, 1999, ISBN 1-902459-02-4.

Bakgrunnsstoff endre