Lydopptak er ulike måtar å lagra lydbølgjer på slik at dei kan spelast av seinare. Det finst mekaniske, elektriske, elektroniske og digitale mtodar for å gjera lydopptak. Ein skil gjerne mellom analoge og digitale opptak.

Lydopptak, historisk utvikling endre

Opptak på voksrull og voksplate endre

Thomas Edison fann opp fonografen i 1877, og gjorde eit opptak av seg sjølv med barnerimet «Mary had a little lamb». Dei fyrste musikkopptaka vart ikkje laga før 1887-1888. Fonografen tok opp lyd direkte gjennom ei trakt, og lyden var skriven inn på voksrull (akustisk opptak). Ein rull kunne ta om lag 2 minutt.

Elektrisk opptak frå 1925 endre

Eit stort gjennombrot var oppfinninga av elektrisk opptak, dvs. av mikrofonen og forsterkaren. No fekk ein betydeleg betre kvalitet og frekvensspekter. Dei fyrste elektriske musikkopptaka kom ut på markedet i 1925.

Etter andre verdskrig endre

Vinyl endre

Fram til krigen vart platene laga med skjellakk, ein type insektvoks importert frå India. Under krigen stoppa forsyningane opp, og ein vart nøydde til å finne ei anna løysing. Vinyl, eit plastmateriale, viste seg å ha mykje høgare kvalitet. Ein fekk mykje finare riller. Platene fekk no meir plass (long playing - LP), meir enn 20 minutt på kvar side. Men viktigare var at med vinyl forsvann skrapinga frå dei gamle voksplatene.

Magnetisk lydband endre

Magnetisk lydband hadde vore i bruk sidan 1930-talet i filmindustrien. Under krigen hadde tyskarane utvikla ein type lydband med høg kvalitet, og lydband vart etter krigen standard som master for lydinnspelingar, medan ein framleis nytta LP-plater til kopiane. Kassettband kom i handelen frå 1966.

Stereo endre

Stereoopptak vart vanleg frå 1954.

Digitalt lydopptak endre

Digitalisering av lyd var noko ein forska på frå slutten av 1960-talet, i telefon og kringkasting. Den fyrste plateutgjevinga (på LP) som nytta ein digital master, kom i 1979. CD-plata kom til slutt i 1982, og tok over for LP-en.

Litteratur endre

  • Day, Timothy, A century of recorded music: Listening to Musical History, Yale University Press, 2002.

Sjå òg endre