Lykisk er eit utdøytt anatolisk språk som vart tala i Lykia. Det er nærskyldt med luvisk. Det er kjent frå kring 150 innskrifter frå 400–200-talet f.Kr., for det meste stutte innskrifter på graver. Til somme innskriftene finst det òg gresk tekst som ikkje svarer heilt til den lykiske, men som har gjort det mogeleg å tyda denne.

Stein med innskriven lykisk tekst

Det lykiske alfabetet byggjer på det greske. Dei fonetiske verdiane til dette alfabetet vart i stor grad funne ut av i andre halvdelen av 1800-talet.

Kjelder endre