Lyngen kommune

kommune i Troms fylke i Noreg
For fjorden med same namn, sjå Lyngenfjorden.

69°34′35″N 20°12′58″E / 69.57639°N 20.21611°E / 69.57639; 20.21611

Lyngen kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Lyngseidet
Areal 813 km²
 - land 797 km²
 - vatn 16 km²
Folketal 2 743  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Eirik Larsen (Folkelista Lyngen)
Kommunenr. 5536
Kart
Lyngen kommune
69°41′25″N 20°04′54″E / 69.690277777778°N 20.081666666667°E / 69.690277777778; 20.081666666667
Wikimedia Commons: Lyngen
Nettstad: www.lyngen.kommune.no

Lyngen kommune (nordsamisk Ivggu suohkan, kvensk Yykeän komuuni) er ein kommune som ligg mellom fjordane Lyngen og Ullsfjorden i Troms fylke. Kommunen grensar i vest mot kommunane Karlsøy og Tromsø og i aust mot Skjervøy, Nordreisa, Kåfjord og Storfjord.

Historie endre

Dei eldste spora etter busetjing i Lyngen er frå yngre steinalder (3000 f.Kr. til år 0).

Geografi endre

Lyngen kommune utgjer det meste av halvøya mellom Lyngenfjorden og Ullsfjorden i Troms. Kommunesenteret er Lyngseidet, der avstanden mellom fjordane er berre tre kilometer.

Landskapet er dominert av fjell, særleg fjellmassivet Lyngsalpan som også har den høgaste toppen i fylket, Jiehkkevárri (1833 moh).

Namnet Lyngen viser til Lyngenfjorden og kjem av det norrøne ordet «logn» som tyder «stille» eller «roleg». Fjorden er største i fylket og skjer seg 85 km inn i landet.

Den 20. februar 2004 vart Lyngsalpan landskapsverneområde oppretta i statsråd. Dette sikrar eit av dei mest markante fjellområda i Nord-Noreg for framtida. Verneområdet er prega av tindar, brear, ville og tronge dalar og landskap som styrtar frå høgfjell og rett ned i havet.

Tettstader endre

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.