For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lysebotn i Troms.

Lysebotn (eller Lyse) er ein stad som ligg ved enden av Lysefjorden i Sandnes kommune i Rogaland. Det er eit turistmål med over 100 000 tilreisande i året. Lysebotn er startstad for mange BASE-hopparar i samband med hopping frå Kjerag.

Lysebotn
stad
Lysebotn ved enden av Lysefjorden.
Land  Noreg
Kart
Lysebotn
59°03′18″N 6°38′58″E / 59.05499°N 6.64938889°E / 59.05499; 6.64938889
Wikimedia Commons: Lysebotn
Lysebotn i enden av Lysefjorden sett frå lufta.

På sommarstid går det både ferje (turistferje med guiding) og hurtigbåt inn fjorden. Vegen opp over til Sirekrok i Øvre Sirdal i Agder er berre sommaropen.

Lyse kapell ligg i Lysebotn. Kapellet vart bygd i 1961. Tidlegare hadde Lysebotn eigen skule, Lyse skole. Lysebotn har i dag eigen campingplass.

Ved Lysebotn ligg Lyse kraftverk.