MS «Bruvik»

norsk passasjerskip
(Omdirigert frå M/S «Bruvik»)

MS «Bruvik» vart levert frå Glommen Mekaniske Verksted A/S ved Fredrikstad og gjekk i fjordafart i Nordhordland i 30 år. I 1979 vart ho seld til Finland, men kjøpt tilbake til Hordaland i 1994. I dag er fartøyet eigd av Cruise-Service A/S, og driv frå basen i Langevåg i Møre og Romsdal. Båten vert leigd ut til arrangement og offentlege turar.

MS «Bruvik» på Mofjorden. Foto: Tor-Egil Farestveit

Skipet endre

Skipet vart bygd som ein lokalrutebåt av sjøbuss-type som trafikkerte ruter i Nordhordland. Ved levering var skipet sin tonnasje 291 bruttoregistertonn. Hovudmotoren er ein sekssylindra Callesen dieselmotor med oppgjeven ytelse på 810 hestekrefter (bhp), noko som gir ein marsjfart på 16 knop. MS «Bruvik» var sertifisert for 280 passasjerar i lokalfart, men er no redusert til 153.

Bakgrunnsstoff endre