MS «Bruvik»

norsk passasjerskip

MS «Bruvik» er eit passasjerskip levert frå Glommen Mekaniske Verksted A/S ved Fredrikstad som gjekk i fjordafart i Nordhordland i 30 år. Seinare har det vorte nytta som turistskip.

MS «Bruvik»

MS «Bruvik» på Mofjorden.

Foto: Tor-Egil Farestveit.

Karriere
Namn: Gamle Bruvik
Type: Lokalrutebåt
Reiarlag: 1949–1974: Indre Nordhordlands Dampbaatlag LL
1974–1979: AS Bergen Nordhordland Rutelag
1979–1983: Nurmeksen Pikapalvelu
1983–1990: Hotelli Joensuun Karelia O/Y
1990–1994: Kansallisrahoitus O/Y
1994–2016: Vestland Marine
2016-dd: Cruise Service A/S
Verft: Glommens Mek. Verksted AS, Fredrikstad
Byggjenummer: 114
Sett i teneste: 1949
Jomfrutur: Juli 1949
Status: I bruk som showboat/charterbåt i Sunnmørsfjordene.
Identifisering: IMO-nummer: 5054343
Generelle eigenskapar
Yting: 810
Tonnasje: 307 tonn
Lengd: 42,25 m
Djupgang: 2,8 m
Fart: 16 knop
Passasjerar: 153
Mannskap: 3

Historie endre

MS «Bruvik» vart bygd i 1949 av Glommens mek. Verksted, Fredrikstad for Indre Nordhordlands Dampbåtlag L/L.[1] I 1974 skifta selskapet som drifta «Bruvik» namn til Bergen-Nordhordland Rutelag. I 1979 vart fartøyet selt til Finland som turistskip. Det vart bygd om i 1989 som restaurant-skip og fekk dessutan sauna installert. I 1994 vart skipet kjøpt tilbake til Hordaland som «Gamle Bruvik»[1] av det nye Indre Nordhordland Dampbåtlag a/s, eit selskap som bruker båten som turistbåt for det meste i Hordaland, men og elles på Vestlandet. I 2018 kjøpte Cruise-Service A/S skipet,[1] og driv frå basen i Langevåg i Møre og Romsdal. Det vert leigd ut til arrangement og offentlege turar.[2]

Skipet endre

Skipet vart bygd som ein lokalrutebåt av sjøbuss-type som trafikkerte ruter i Nordhordland. Ved levering var tonnasjen til skipet 291 bruttoregistertonn. Hovudmotoren er ein sekssylindra Callesen dieselmotor med oppgjeven ytelse på 810 hestekrefter (bhp), noko som gir ein marsjfart på 16 knop. MS «Bruvik» var sertifisert for 280 passasjerar i lokalfart, men er no redusert til 153.[3]

Bakgrunnsstoff endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Gamle Bruvik - Sjøhistorie», www.sjohistorie.no, henta 28. april 2024 
  2. «MS Bruvik | Charter». Cruise Service (på norsk). Henta 27. april 2024. 
  3. «Skipssøk - Sjøfartsdirektoratet». www.sdir.no. Henta 27. april 2024.