Mažeikiai (samogitisk Mažeikē) er ein by nordvest i Litauen ved elva Venta. Han har kring 40 000 innbyggjarar og er den åttande største i landet. Byen er det administrative senteret i Telšiai fylke og er den største byen som ikkje har same namn som eit fylke.

Mažeikiai
Byvåpenet til Mažeikiai
Byvåpenet til Mažeikiai
Styresmakter
Land
Etnografisk region
Fylke
Litauen
Samogitia
Telšiai fylke
Først nemnd
Byrettar
1500-talet
1924
Geografi
Flatevidd 16,35 km²
Flatevidd
 - By

13,94 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

40 788
  2 925/km²
Koordinatar 56°19′N 22°20′E / 56.317°N 22.333°E / 56.317; 22.333
Høgd over havet 81, 70 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Heimeside: www.mazeikiai.lt
Plassering
Plassering av Mažeikiai
Plassering av Mažeikiai

Mažeikiai vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1335. Ein krønikeskrivar for Den liviske ordenen skreiv om eit felttog ordenen utførte der landet til hertug Mažeika vart øydelagd. Byen voks raskt i 1869 då det vart bygd jernbanelinje til Vilnius og Liepaja. I 1893 hadde byen 13 butikkar og fem ølstover. I 1894 vart det bygd ei ortodoks kyrkje, i 1902 ei romersk-katolsk og i 1902 ei protestantisk.

I 1980 opna eit oljeraffineri som i dag er eit av dei største industriområda i Litauen.

Sport endre

Kjelder endre