Macao (Machiao; 澳門(馬交)), på portugisisk Macau, er ein adminstrativ region på ei lita halvøy i sørlege Kina, 65 km vest for Hongkong. Hovudstaden er Santa Nome de Deus de Macau. På mandarin heiter Macao ogso Àomén (澳門). Macao er også kjend som Magok (媽閣廟), Haojing'ao (壕鏡澳), Xiangshan'ao (香山澳) og Liandao (蓮島 «Lotusøya»). Folkesetnaden er om lag 435 000 (2004).

Região Administrativa Especial de Macau da República Popular da China
中華人民共和國澳門特別行政區  
Flagg
Flagg
Emblem
Emblem
Flagg Emblem
Macau på verdskartet
Macau på verdskartet
Status Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina
Chefe do Executivo Ho Iat Seng
Hovudstad Macau
Offisielt språk Portugisisk, kinesisk (kantonesisk)
Areal

- % vatn

28,2 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 508 500 (2006)
ca. 18032/km²

Verdsdel Asia
Internet-domene .mo
Tidssone UTC +8
Internasjonal telefonkode +853
Nasjonalsong «Dei frivillige sin marsj» (義勇軍進行曲)
Kart over Macao

Soga endre

Macao vart grunnlagd som ein portugisisk koloni i 1557 og vart eit viktig handelssentrum. Staden miste mykje av statusen då britane grunnlagde Hongkong like attved. Etter den portugisiske revolusjonen i 1974 oppretta Kina og Portugal diplomatisk samband og byrja forhandla om statusen åt Macao. I 1979 vart Macao eit kinesisk territorium under portugisisk forvaltning. Etter fleire tingingar i 1987 vart det slutta at Macao skulle gjevast til Kina i 1999, med di det vart eit særskilt administrativt område.

Geografi endre

Macao ligg på den vestre sida av vika der Perlefloda (Zhujiang) munner ut i Sørkinahavet. Macao er, attåt halvøya, to øyar, Taipa og Coloane. Størstedelen av Macao er utbygd. Der finst ikkje fossar eller elvar, og difor er vatn ei mangelvara.

Økonomi endre

Turismen er den viktigaste delen i økonomien. Kasinoverksemda står for nesten helvta av innkomene. Andre næringar er tekstilindustri og fyrverkeriproduksjon.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Macao