For filmen, sjå Madagascar.
Republique de Madagascar
Repoblikan'i Madagasikara

(norsk: Madagaskar, madagassisk (gassisk))

Det madagassisk (gassisk)e flagget Det madagassisk (gassisk)e riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ry Tanindraza nay malala ô»
Motto Tanindrazana, Fahafahana, Fandrosoana (gassisk, Fedreland, fridom og utvikling)
Geografisk plassering av Madagaskar
Offisielle språk Gassisk, fransk
Hovudstad Antananarivo
Styresett
Republikk
(fung.) Richard Ravalomanana
Christian Ntsay
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
587 041 km² (46.)
0,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (1975)
 – Tettleik
 
25 054 161 (51.)
~7,600,000
42,7 /km² (140.)
Sjølvstende
Frå Frankrike
26. juni 1960
Nasjonaldag 26. juni
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
35 490 mill. USD (116.)
1 600 USD (185.)
Valuta Ariary (MGA)
Tidssone UTC +3
Telefonkode +261
Toppnivådomene .mg


Madagaskar er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet. Øya er den fjerde største i verda, og hyser rundt fem prosent av verdas plante- og dyreartar. 80 % av dei finst berre på Madagaskar.

Historie endre

Republikken Madagaskar har ei blanding av aust-afrikansk (hovudsakleg bantu), asiatisk og polynesisk kultur. Medan gassisk er eit austronesisk språk med sterkt slektskap til maanjanspråket frå Borneo, viser DNA-studium at innbyggjarane på øya har delvis afrikansk, delvis indonesisk opphav, med noko arabisk innblanding.

Den nedskrivne gassiske historia tek til på 600-talet, då arabiske kjøpmenn skipa stasjonar langs den nordvestre kysten.

 
Kart over Madagaskar

Geografi endre

Klima endre

Madagaskar heller oppover mot aust til ei skogkledd fjellrekkje som går frå sør til nord på øya. Den søraustlege passatvinden blir lyft oppover denne fjellrekkja (orografisk heving), og resultatet er ein nedbørsnormal på 2000–3000 mm (og enkelte stader meir) langs austkysten av øya. Perioden med minst regn i aust er frå september til november, sjølv om ein har regn om lag annankvar dag òg i denne perioden. Seinare på året, medan det er sumar på den sørlege halvkula, vert passatvinden svekt, og vestsida av øya får regn- og torebyer bortimot dagleg.

Madagaskar har lægre temperaturar enn dei fleste andre tropiske øyar, hovudsakleg på grunn av det høge terrenget. I juli kan temperaturane gå under 10 °C i områda høgare enn 1200 m. Desse områda ligg so høgt at dei får ein turr vestleg vind som blæs i høgda over den søraustlege passatvinden. Tropiske syklonar kan treffe Madagaskar, og særleg austkysten, kvart år og føre til store flaumar. Flaum er derimot ei lite sannsynleg hending på sørvestkysten som ligg i regnskugge. Desse områda får mindre enn 400 mm i året.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Madagaskar
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.