Mads Eriksen (fødd 15. juli 1977) er ein norsk teikeserieskapar frå Malvik, like aust for Trondheim i Sør-Trøndelag. Han er kjend for teikneseriane Gnom og M. Mads er medlem av Trondheimstegnerne.

Mads Eriksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juli 1977 (46 år)
Malvik kommune
Yrke teikneserieskapar
Nettstad https://madseriksen.no
Mads Eriksen på Commons
Denne artikkelen er om teikneserieskaparen, for gitaristen Mads Eriksen, sjå Musikaren Mads Eriksen.

Han teikna dei fyrste to sidene av Gnom i 2000 og sende dei inn til Bladkompaniet, der han fekk god respons. Idéen til serien kom då han filosoferte over kvar sokk nummer to vert av i vaskemaskina.

Gnom vart trykt i Smult, medan M vart ei av dei faste stripene i Dagbladet etter at Mads vann ein teikneseriekonkurranse der hausten 2003.[1] M figurerer dessutan fast i Pondus. I mai 2005 gav Schibstedforlagene ut det fyrste M-albumet. I juni 2006 tok M over Blondie sin plass i Adresseavisen. I desember 2006 starta M å kome ut som eige månadshefte.[2]

Eriksen teiknar i dag serien M på heiltid. Serien handlar om hans eige lett surrealistiske liv, med nokre overnaturlege innslag. Serien er krydra med obskure, «nerdete» referansar, og Star Wars spelar ofte ei hovudrolle i desse.

Eriksen slutta å levere teikneseriestriper sommaren 2008. Leveringspress i forhold til forlaget og sjukdom vart oppgjeve som grunnar til dette. I eit intervju med Dagens Næringsliv i september 2009 fortalte han at han var i gang med å teikne nye striper.[3]

Utgjevingar endre

  • Gnom, samlealbum, Schibstedforlagene «Humoralbum 2/2005»
  • M, fyrste album, utgjeve sommaren 2005, Schibstedforlagene «Humoralbum 4/2005»
  • M, andre album, utgjeve 2005-10-17, Schibstedforlagene «Superalbum høsten 2005»
  • M, julehefte, utgjeve 2005-11-21, Schibstedforlagene «Humoralbum 7/2005»
  • M: Superalbum, utgjeve 2006-07-31, Schibstedforlagene
  • M julealbum 2006, utgjeve 2006-11-27, Schibstedforlagene
  • M, månadshefte, første utgåve nr 1, 2006, i desember, Schibstedforlagene

Bakgrunnsstoff endre

Nettmøte endre

Intervju endre

Omtalar endre

Referansar endre

  1. Mads Eriksen skviser Hårek intervju på tegneserier.no
  2. Omtale av bladet Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. hjå Schibstedforlagene Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
  3. Holen, Øyvind (11 September 2009). «Innhentet av deadline». Dagens Næringsliv. s. 44–6.  |access-date= requires |url= (hjelp)