Mae Muller

britisk songar og låtskrivar

Holly Mae Muller (fødd 26. august 1997) er ein engelsk songar og låtskrivar. Ho blei kjend for eit større publikum i 2021, då ho gav ut singelen «Better Days» med det svenske musikkollektivet Neiked og den amerikanske rapparen Polo G. Låten gjekk inn på topp 40 i både Storbritannia og USA.

Mae Muller

Fødd26. august 1997 (26 år)
FødestadKentish Town
FødenamnHolly Mae Muller
OpphavStorbritannia
Aktiv2018–
Sjangerpop, rhythm and blues
PlateselskapCapitol Records, EMI
Verka somsongar

Muller representerte Storbritannia i Eurovision Song Contest 2023 på heimebane i Liverpool med songen «I Wrote a Song».

Bakgrunn endre

Muller blei fødd i London i 1997 og vaks opp med å lytte til mora sine favorittartistar som The Chicks, Gwen Stefani og Simon & Garfunkel. Det store vendepunktet kom då ho fekk høyre debutalbumet til Lily Allen, Alright, Still.[1]

Muller byrja å skrive eigen musikk allereie som åtteåring. Foreldra søkte ho til kostskulen Kimbolton i Cambridgeshire, men Muller enda opp med å gå på Fine Arts College i Belsize Park i Nord-London.

I 2007, berre ni år gammal, spelte ho i musikkvideoen til «Grace Kelly» med artisten Mika.[2]

Karriere endre

 
Mae Muller på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Som tenåring jobba Muller på pub og fekk ein kompis til å produsere eit par demoar i bytte mot ei flaske vin.[3] Ho lasta demoane opp på SoundCloud i 2017, og ho blei oppdaga av sin kommande manager etter å ha lasta opp ein video der ho song på Instagram.

Muller gav ut EP-en After Hours i februar 2018, og oppfølgjar-EP-en Frankly i september same år.[4][5]

Muller slapp debutalbumet Chaper 1 i april 2019,[6] og var oppvarmingsartist for Little Mix på turneen LM5: The Tour same år i lag med bandet New Rules.[7] Etter turneen slapp ho singelen «Therapist»,[8] og la deretter ut på den første riksdekkjande turnéen sin til fem byar i Storbritannia.[9]

I november 2020 kom den tredje EP-en hennar, No One Else, Not Even You, etterfølgd av en turné i Storbritannia og Europa.[10][11]

I 2021 teama Muller seg opp med det svenske artist-kollektivet Neiked og den USA-amerikanske rapparen Polo G på singelen «Better Days». Songen nådde 23. plassen på den amerikanske Billboard-lista Hot 100.[12] I Storbritannia nådde låten 32. plassen på den britiske singellista.

Muller slapp singelen «I Just Came to Dance» i oktober 2027, som passerte 2,5 millionar strøymingar på Spotify eit halvt år seinare.

Den 3. mars 2023 gav Muller ut singelen «Feels This Good» i samarbeid med Sigala, Caity Baser og Stefflon Don. Seks dagar seinare kunngjorde BBC at ho skulle representere Storbritannia på heimebane i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[13] Ho deltok med låten «I Wrote a Song» som ho skreiv saman med Karen Poole og Lewis Thompson.[14] Låten enda nest sist i finalefeltet på 26 land.[15]

Kjelder endre

  1. «ClashMeets Mae Muller». Clash Magazine Music News, Reviews & Interviews (på engelsk). 28. april 2021. Henta 11. mars 2023. 
  2. Veitch, Milly (9. mars 2023). «EurovisionUK entry Mae Muller recalls starring in Mika's music video». Mail Online. Henta 11. mars 2023. 
  3. «MaeMuller: On The Rise | Interview». The Line of Best Fit (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  4. «MaeMuller makes bold first step on ‘After Hours’ EP». DIY (på engelsk). 15. februar 2018. Henta 11. mars 2023. 
  5. «MaeMuller – Frankly». A1234 (på engelsk). 7. desember 2018. Henta 11. mars 2023. 
  6. «MaeMuller: How do you become a breakout music star in lockdown?». Sky News (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  7. Holecek, Chelsea (30. september 2019). «MeetMae Muller, Little Mix's new opening act». United By Pop (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  8. Forrest, Jo (24. januar 2020). «MaeMuller releases new single 'Therapist'». TotalNtertainment (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  9. Lane, Lexi (28. mai 2020). «Interviewwith Mae Muller: London’s Emerging Star Talks New Music & Creative Growth». Atwood Magazine (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  10. Forrest, Jo (9. september 2020). «NewEP from Mae Muller out November and tour». TotalNtertainment (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  11. Yates, Jonathan (10. september 2020). «MaeMuller announces O2 Forum Kentish Town show on UK tour». MyLondon (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  12. «The Hot 100». Billboard. 2. januar 2013. Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. januar 2022. 
  13. «Mae Muller: Who is the UK's Eurovision entrant?». BBCNews (på engelsk). 9. mars 2023. Henta 11. mars 2023. 
  14. «MaeMuller». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  15. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.