Maggie MacInnes

britisk songar

Maggie MacInnes (fødd 29. august 1963) er ein skotsk folkesongar og harpist som hovudsakleg syng på skotsk-gælisk og skotsk. Ho har vore med i grupper som Ossian, Fuaim, Eclipse First og The Maggie MacInnes Band.[1]

Maggie MacInnes
Fødd29. august 1963 (60 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1984–
SjangerKeltisk musikk
InstrumentKeltisk harpe, vokal
Verka somsongar
MorFlora MacNeil

MacInnes blei fødd i Glasgow som dotter av advokaten Alister MacInnes og den legendariske folkesongaren Flora MacNeil, begge opphavleg frå Barra i Hebridane.[2] Ho lærte mange songar av mor si.[1]

I 2002 skreiv MacInnes «Oran na Mna» (A Woman’s Song) som bestillingsverk for «New Voices» ved Celtic Connections-festivalen. Verket blei utvikla til eit album med same namn, og inspirerte også ein fjernsynsserie på BBC Alba.[1]

Ho har utforska sambandet mellom den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns og gælisk musikktradisjon. I lag med Colum Sands frå Nord-Irland har ho teke for seg sambandet mellom irske og skotske tradisjonar.[1]

Diskografi endre

Soloalbum endre

  • Cairistìona (1984) – med George Jackson frå Ossian
  • Eilean Mara (Island in the Sea) (1998)
  • Spiorad Beatha (The Spirit of Life) (2001)
  • Peaceful Ground (Talamh Sìtheil) (2004)
  • Òran Na Mnà (A Woman's Song) (2006)
  • Leaving Mingulay (A Fàgail Mhiughalaigh) (2009)
  • The Seedboat (Bàta an t-Sìl) (2010) – med Colum Sands
  • Port Bàn (2020)

Samarbeid og gjesteopptredenar endre

  • Hamish Moore & Dick Lee – The Bees Knees (1991)
  • Flora MacNeilOrain Floraidh (1993)
  • Donald Black – Keil Road (2007)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Biography – Maggie MacInnes (på engelsk), henta 13. september 2023 
  2. Maggie MacInnes > Biography. Henta 24. september 2010.

Bakgrunnsstoff endre