Magi i Harry Potter-serien

I Harry Potter-serien skapt av J.K. Rowling, er magi skildra som ei naturleg kraft som kan brukast til å overstyre dei vanlege naturlovene. Mange fiktive magiske vesen eksisterer i serien, medan vanlege vesen nokre gonger viser nye magiske eigenskapar i romanverda. (Ugler kan levere post og til ein viss grad, forstå menneske). Også objekt kan forsterkast med magiske eigenskapar. Den litle delen av menneske som er i stand til å utføre magi blir kalla hekser og trollmenn, i motsetning til ikkje-magiske gompar. Hos menneske er magi eller mangel på magi ein medfødd eigenskap. Born med magi har normalt magiske foreldre, men det finst unntak. Born utan magiske krefter som har foreldre som er hekser og trollmenn, blir kalla futtar, medan ei heks eller ein trollmann med gompeforeldre er kjend som ein gompefødd, eller nedsettande, "Grums". Medan gompefødde er ganske vanleg, er futtar ekstremt sjeldne.

Transport endre

Fnattbussen endre

«Velkommen til Fnattbussen, nødtransport for akterutseilte hekser og trollmenn. Bare rekk ut stavhånden og stig ombord, så kjører vi Dem hvor De vil. Mitt navn er Svinton Slipprush, og jeg er kveldens konduktør.»

—Svinton Slipprush til Harry Potter i 1993 (Fangen fra Azkaban).

Fnattbussen er eit naudtransportmiddel for hekser og trollmenn. Fnattbussen er ein lilla trippeldekker, som inneheld sete på dagtid og senger på kveldstid. Bussen køyrer inga fast rute, men dersom ein trollmann eller ei heks rekkjer ut tryllestaven vil Fnattbussen dukke opp like ved. Bussen er usynleg for gompar. Bussbilletten kostar 11 galleonar, men dersom ein betaler 14 galleonar får ein med ein varm kopp sjokolade, og betaler ein femten, får ein ei varmeflaske og ein tannbørste i den fargen ein ynskjer.

Bussen blir kjørt av Pistill Prang og konduktøren er Svinton Slipprush. [1]

Flyttenøklar endre

Ein flyttenøkkel er ein måte for hekser og trollmenn å kome seg frå ein plass til ein annan på. Flyttenøkkelen kan ha mange ulike former, men er ein gjenstand som gompane ikkje mistenkjer for å vera magisk, altså heilt vanlege ting.

Her er ei liste over kjende flyttenøklar

Flyttenøkkel Brukar(ar) Utgangspunkt Reisemål Laga av
Sopelime
  • Uidentifisert Rumpeldunk-dommar
Rumpeldunkbanen Sahara-ørkenen Uidentifisert Rumpeldunk-dommar
Ukjend Gudriks dal Sentral-Europa Bathilda Bagshot
Ein gamal støvel Stoatshead Hill Verdscupen i Rumpeldunk, 1994 Ukjend, sannsynlegvis Magidepartementet
Ei gammal avis Ukjend Ukjend
Ein punktert fotball
Ei tom drikkeflaske
Tretrollmannspokalen Rumpeldunkbanen, Galtvort Little Hangleton gravplass Barty Crouch Jr.
Ein svartmåla vasskokar Rektor sitt kontor, Galtvort Grimold plass nr. 12 Albus Humlesnurr
Ukjend Magidepartementet Rektor sitt kontor, Galtvort
Ein liten, sølv-støtta hårbørste Dults hus Hiet Ukjend medlem av Føniksordenen
Ei rusten oljekanne Ingen Ukjend hus av eit av medlemane i Føniksordenen
Ein gamal joggesko
Ukjend
Ein bøygd kleshengar

Magiske evner endre

Animagus endre

  Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Animagus er eit uttrykk brukt i Harry Potter-bøkene om ei heks eller ein trollmann som har lært å omskape seg sjølv til eit dyr utan å bruke tryllestav. Ved hjelp av ein tryllestav blir dette kalla transfigurasjon. Ein kan også bruke eliksiren polyksir (berre til å forvandle seg til andre menneske), som Bartimus C. jr. gjorde i Harry Potter og Ildbegeret. Han brukte eliksiren til å forvandle seg til Galøye Bister. Forkledd som Bister transfigurerte han Draco Malfang til eit dyr. Peter Pittelpytt er ein animagus og brukar dette for å skjule at han enno lever etter at han sveik sine vener, Harrys foreldre, og selde dei til Fyrst Voldemort. Animagus er eit veldig komplisert emne innan magi, og det er ikkje så mange som klarer å lære seg det. Det finst berre sju registrerte animagusar. Andre kjende animagusar frå bøkene er:

  • Minerva McSnurp, som blir ein gråstripet katt med brillemønster rundt øyrene.
  • Jakob Potter kunne bli ein kronhjort
  • Sirius Svaart kunne bli ein stormsvart giganthund.
  • Petter Pittelpytt (også kjend som Ormsvans) kunne bli ei rotte.
  • Rita Slita kunne bli ei svart bille med grøne striper og brillemønster rundt antenna.

Metamorf-magus endre

Å vere metamorf-magus tyder at ein kan forandre hårfarge (ved somme høve også ansikt) til den fargen og forma ein ynskjer, utan hjelp av magi. Dette er ei medfødd evne og kan ikkje trenast opp. Kjendte metamorf-magusar er Nymphadora Dult og Teddy Lupus.

Ormmunn endre

Å vere ormtunge eller ormmunn tyder at ein kan snakke med slangar. Det er for det meste vonde trollmenn som er kjende for å vere ormmunnar.

Kjendte ormtunger er;

Harry var ein malacrux og han fekk ormtungekrafta då han var 1 år fordi Fyrst Voldemort prøvde å myrde han. Harry mistar denne evna etter at Voldemort drep Harry i Harry Potter og Dødstalismanene.

Ronny Wiltersen brukar også ein gong ormtungespråk for å opne Mysteriekammeret i Harry Potter og Dødstalismanene, men han berre hermar etter korleis han har høyrt Harry snakke det.

  Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

I Harry Potter og Mysteriekammeret startar Harry i duellklubben på Galtvort. Draco Malfang duellerer mot han og tryllar fram ein slange, som held på å angripe ein av tilskodarane. Harry prøver å stoppe slangen, men skjønar ingen ting når alle ser forskrekka på han. Tilskodaren som nesten blei angripen ropar og spør kva Harry trur det er han driv med. Ronny og Hermine forklarer Harry at han snakka ormtunge utan at han sjølv oppdaga det. Etter dette trur alle at Harry er Smygards arving.

De tre utilgivelige forbannelsene endre

De tre utilgivelige forbannelsene (engelsk Unforgivable Curses) er tre trylleformlar som ikkje er lovlege å bruka, og stort sett berre vert brukte av Fyrst Voldemort og tilhengjarane hans.

Dei tre formlane er:

  1. Avada Kadavra (engelsk: Avada Kedavra eller The Killing Curse) påfører offeret ein brå død, og er ikkje lovleg å bruka. Fyrst Voldemort har fleire gonger prøvd å ta livet av Harry med denne.
  2. Martyriusforbannelsen (engelsk: Crucius) påfører offeret utoleleg smerte.
  3. Befaliusforbannelsen (engelsk: Imperio) gjev magikaren total kontroll over offeret.

Andre evner endre

  • Flyging
  • Psykomantikk og psykoblokk
  • Immivering og eksivering
  • Lamia-sjarm

Kjelder endre

  1. [Norsk Harry Potter-wikia: Fnattbussen http://no.harrypotter.wikia.com/wiki/Fnattbussen]

Litteratur endre

  • Harry Potter og De vises stein av J.K. Rowling
  • Harry Potter og Dødstalismanene av J.K. Rowling
      Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.