Magnar Åm

norsk komponist

Magnar Åm (fødd 9. april 1952 i Trondheim) er ein norsk komponist.

Magnar Åm
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. april 1952 (71 år)
Trondheim
Yrke komponist

Han er utdanna organist og kantor frå det dåverande Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet), og har studert komposisjon med Ketil Hvoslef i Bergen og Ingvar Lidholm ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har Statens garantiinntekt. Han er busett i Volda, der han i tillegg til komponistverksemda òg arbeider med barne- og ungdomskor. Der har han i fleire år vore dirigent for ungdomskoret Digitalis, der hovudtyngda av repertoaret har vore nyare musikk, deriblant fleire verk av Åm sjølv. Oder 2006 han vann den europeisk komponistenpris i Berlin for sitt musikkstykke „‘tisn’t the snow falling, it’s us leaving the ground“.[1] Han vart tildelt Arne Nordheims komponistpris for 2009.

Magnar Åm er son til skulestyraren og forfattaren Olav Åm.

Antydning endre

  1. European Composer Award at Young Euro Classic[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre