Magne Wergeland (16. mai 18999. august 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Brekke i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Han busette seg på Austlandet.

Magne Wergeland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1899
Død

9. august 1973 (74 år)

Yrke skribent

Wergeland tok lærareksamen i 1925, før han reiste til Sambandsstatane og oppheldt seg der frå 1926 - 1933. Han arbeidde deretter som lærar fleire stader før han i 1958 vart lærar i Kongsberg.

Bøkene Magne Wergeland skreiv, var på nynorsk. Han skreiv både reiseskildringar, barnebøker, diktsamlingar og romanar. Magne Wergeland døydde i 1973.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 1924 – Snurrige folk : skrønor og forteljingar (Voss: Unglyden)  [Skrive under psevdonymet: Johan Isaksson]
  • 1927 – Havmann : eit dikt um livet (Voss: Unglyden)
  • 1928 – Hugskifte : spelstykke i tre vendingar (Voss: Unglyden)
  • 1928-29 – Svartfossen (Voss: Unglyden)
  • 1935 – I vesterveg
  • 1969 – Storm over Skagastølstind (Hvittingfoss: Bjørn forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1972 – Vetteljos over bjarte grender (Hvittingfoss: Bjørn forlag)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Verk i tidsskrift - eit utval