Magnetitt eller magnetjernstein er eit mineral som består av jernoksid, Fe3O4, med 72 % jarn. Det er svart og metallisk, tungt og sterkt magnetisk. Det krystalliserer kubisk med spinell-struktur. Finst utbreitt i små mengder (aksessorisk) i ei rekkje bergartar og er til dels anrika i sandavleiringar. I større førekomstar utgjer det ein svært viktig jernmalm. Kirunamalmane er magnetittmalmar som er danna magmatisk.

Magnetitt

Magnetitt og pyritt frå Piemonte i Italia
Generelt
KategoriOksydmineral
Spinellgruppa
Spinel structural group
Kjemisk formeljern(II,III) oksyd, Fe2+Fe3+2O4
Strunz-klassifisering04.BB.05
KrystallsymmetriIsometrisk 4/m 3 2/m
Einingscellea = 8,397 Å; Z=8
Identifikasjon
FargeSvart, grå med brunaktig tone i reflektert sollys
KrystallformÅttesidig, fine korna til massiv
KrystallsystemIsometrisk heksotahedral
Tvillingpå {Ill} som både tvilling og komposisjonsplan, spinell-lova som kontakttvillingar
KløyvUtydeleg, deling på {Ill}, særs god
BrotUjamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5,5–6,5
GlansMetallisk
StrekfargeSvart[1]
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt5,17–5,18
OppløyselegheitLøyser seg sakte opp i saltsyre
Kjelder[2][3][4][5][6]

Av norske jernmalmførekomstar har Sør-Varanger og Fosdalen magnetittmalmar, medan Rana og Søftestad har ei blanding av magnetitt og hematitt. Magnetitt finst òg på skarnførekomstar ved Arendal og i Oslofeltet.

Kjelder endre

  1. Identifying Magnetite by Streak
  2. Handbook of Mineralogi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 24. september 2015, henta 4. august 2014 
  3. Mindat.org Mindat.org
  4. Webmineral data
  5. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogy (20. utg.). Wiley. ISBN 0-471-80580-7. 
  6. Torgeir T. Garmo 1989, Norsk steinbok norske mineral og bergartar 2. utgåva, sid 64, Universitetsforlaget, ISBN 82-00-18125-1

Bakgrunnsstoff endre